Frankrike stenger ambassadar etter nye Muhammed-teikningar

Styresmaktene i Frankrike har valt å trappe opp tryggleiken ved sine ambassadar i 20 land. Grunnen er nye Muhammed-teikningar som vart trykte i det franske magasinet Charlie Hebdo i dag.

Redaktør for Charlie Hebdo, Stephane Charbonnier

KONTROVERSIELT MAGASIN: Her står redaktør Stephane Charbonnier med det nye nummeret av magasinet Charlie Hebdo. Profeten Mohammed er ikkje avbilda på framsida, men teikningar i magasinet viser mellom anna ein naken profeten.

Foto: FRED DUFOUR / Afp
Journalist

– Me er alle for ytringsfridom, men når det kjem til religion så er det så mange truande som vert såra. Ein bør berre ikkje gjere det, seier Khaireddene Chabbara, til The Associated Press.

Han siktar til teikningane av profeten Muhammed i det nye nummeret av magasinet Charlie Hebdo. Her skal profeten mellom anna verte framstilt naken. Dette fryktar franske styresmakter skal skape reaksjonar. Dei har bestemt å stenge ambassadane sine i over 20 land på fredag. Avgjerda kjem etter førre vekes store demonstrasjonar mot videoen «Innocence of Muslims».

– Me har tenkt førebyggande, og stenger ambassadar, konsulat, kultursenter og skular, seier ein talsmann for fransk UD til Reuters i dag.

Fredag er den store, heilage fridagen i den muslimske verda. Demonstrasjonar skjer i muslimske land skjer ofte etter fredagsbøna, slik ein mellom anna såg gjennom dei arabiske opprøra i 2011.

Legg seg ut med alle

– Det er ikkje meir provoserande enn det som er normalt. Det kjem an på kven som ser det, og kven lesaren er, seier Stephane Charbonnier, og held fram:

(Artikkelen held fram under biletet.)

France Newspaper Fire

PROVOSERER STADIG: Dette bilete er teke i fjor, og syner redaktør Stephane Charbonnier føre dei utbrende lokala til magasinet Charlie Hebdo. Dei trykte ein teikning av profeten Mohammed, og reaksjonen kom i form av ei bensinbombe.

Foto: Thibault Camus / Ap

– Me karikerer alle, kvar veke. Men når me gjer det med profeten Muhammed, så vert det kalla ein provokasjon.

Han er sjefredaktør av magasinet som i dag trykker dei nye teikningane av profeten Muhammed. Dei har ikkje trykt teikningane på framsida av bladet. Der har dei plassert ein muslim i ein rullestol som vert trilla av ein ortodoks jøde. Snakkebobla seier «ikkje gjer narr av oss», og siktar til begge religiøse grupper.

Det er ikkje fyrste gongen det franske magasinet provoserer muslimar. I november i fjor kom bladet med ei utgåve med profeten Muhammed på framsida. Den gongen kom åtaket berre ein dag etter i form av ei bensinbombe.

Reagerer på teikningane

– Me avviser og fordømmer dei franske karikaturteikningane som krenkar vår profet Muhammed. Me fordømmer òg alle handlingar som krenkar alle folks personlege tru, seier Egypts regjerande islamistiske parti, Frihet- og rettferdighetspartiet.

Visepartileiaren Essam el-Erian seier han håpar at det franske rettssystemet vil slå hardt ned på fornærminga.

Òg den kristne koptiske kyrkja i Egypt har uttala seg i saka i dag. Dei kallar det ein bevisst provokasjon, og hevdar internasjonale makter ynskjer å skape ytterlegare splid og konflikt i den muslimske verda.

Nettsidene til magasinet er for tida nede grunna stor trafikk. Men Facebook-sida er oppe og open. Her er reaksjonane massive, både positive og negative. I skrivande stund har oppslaget om dagens nummer fått heile 3000 kommentarar.

(NTB, Reuters, AFP)

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt