Hopp til innhold

Frankrike på tå hev

PARIS/OSLO (NRK): Medan politikarane i Noreg diskuterer midlertidig bevæpning av politiet, kan franske politimenn ha tenestevåpen også utanom arbeidstid, så lenge unntakstilstanden varer.

FRANCE-ATTACKS-SECURITY

Franske politimenn patruljerer julemarknaden på Paris si paradegate, Champs-Élysées.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

Det er politiet sjølv som har bedt myndigheitene innføre dette tiltaket. Unntakstilstanden i Frankrike vart torsdag utvida til tre månader.

Frédéric Lagache frå politiets fagforbund ønsker dette velkomen, sjølv om han meiner at det er i seinaste laget. Franske politimenn har streika fleire gonger dei siste åra for å be om meir ressursar og meir utstyr, sa han i dag på den franske radiokanalen France Info. Han la til at fransk politi ikkje er trent for slike situasjonar som oppstod på konsertstaden Bataclan fredag, og at det også er naudsynt med meir spesialtrening.

Nesten samrøystes

Av andre tiltak opnar unntakstilstanden for å blokkere visse sider på internett, stramme inn på retten til demonstrasjonar og å opne for meir overvaking av terrormistenkte ved hjelp av elektronisk sporing.

Trass i at lova vart vedteken nesten samrøystes, med 551 mot 6 stemmer, er fleire kritiske til kva konsekvensar dette kan få for den personlege fridomen.

FRANCE-LIGHTS-FESTIVAL

AVLYST: Mange vart lei seg over nyhenda om at årets lysfest i Lyon vert avlyst. Borgarmeisteren i Lyon annonserte at den vil verte erstatta med ei stor minnemarkering for offera i Paris den 8. desember.

Foto: FRED DUFOUR / AFP

Stemninga har dei siste dagane vore prega av frykt og nervøsitet, trass i uttallige forsøk på å ta byen tilbake og halde fram med livet som før. Torsdag vart det annonsert at både ei minnemarkering framfor den største moskéen i Paris fredag og den tradisjonelle lysfesten (Fête dess Lumières) i Lyon som vanlegvis går føre seg den første veka i desember vert avlyste grunna tryggleiksomsyn.

Uroa for maktmisbruk

Fleire NRK snakkar med på gata i Saint-Denis, forstaden som vart åstad for ein storstilt politiaksjon onsdag, er uroa.

Dame i Saint Denis

FRAMLEIS I SJOKK: Denne kvinna i Saint-Denis skjønar at dei politiske leiarane må balansere fleire omsyn, men håpar at unntakstilstanden ikkje varer for lenge.

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Vi er framleis i sjokk etter det som har skjedd. Unntakstilstand kan rettferdiggjerast og det er kanskje naudsynt, men den bør ikkje vare for lenge. Det er viktig at myndigheitene kan beskytte folk, men makta bør ikkje misbrukast, seier ei dame som ikkje vil ut med namnet sitt.

Ein mann som heller ikkje vil la seg fotografere er også skeptisk.

– Eg er redd tiltaka kan truge demokratiet. På den eine sida må Hollande kunne beskytte foilk, men på den andre sida er det grenser for kva staten skal kontrollere. Eg er frå Marokko og har budd i fleire land, men eg synest Frankrike er det beste landet. Her er det fritt, og det er viktig å beskytte dei verdiane.

Også Belgia har annonsert at dei vil gjennomføre lovendringar for å verte meir effektive i kampen mot terror. Fleire av terroristane bak Paris-angrepet var belgiske statsborgarar, og belgiske myndigheiter har fått kritikk for dårleg etterretningsarbeid.

SISTE NYTT

Siste nytt