Hopp til innhold

Frankrike ber Gulf-landa lette Qatar-sanksjonar

Eit par dagar etter at USAs utanriksminister avslutta si rundreise på den arabiske halvøy var det Frankrikes Jean-Yves Le Drian sin tur å forsøke å bidra til ei løysing på Qatar-konflikten.

Jean Yves Le Drian

Yves Le Drian har besøkt både Dei foreinte arabiske emiratar, Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar denne helga. Her på ein pressekonferanse i Saudi-Arabia laurdag.

Foto: AFP

Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian hadde samtalar med toppdiplomatar i Kuwait søndag i eit forsøk på å hjelpe emiratets mekling i det som har fått tilnamnet Qatar-krisa.

Men han legg vekt på at det er dei involverte landa sjølve som må løyse konflikten.

– Frankrike vil ikkje vere ein meklar. Frankrike vil derimot vere ein tilretteleggar ved å samle resten av landa.

Ikkje noko gjennombrot for Tillerson

Saudi-Arabia, Dei foreinte arabiske emirat, Egypt og Bahrain med fleire har kutta diplomatiske band og stengd grensene mot Qatar, som dei skuldar for å finansiere ekstremistgrupper og å ha band til Iran.

Qatar avviser dette, og har ikkje ville gå med på 13 krav Saudi-Arabia og deira allierte kom med 23. juni, blant anna å stenge den Qatar-baserte tv-kanalen Al Jazeera, som har vore ei kritisk stemme mot fleire av desse landa.

ADDITION Qatar Tillerson Rex Tillerson, Sheikh Mohammed bin Abdulrahman Al Thani

Sjølv om den tidlegare Exxon-sjefen Rex Tillerson har mykje erfaring frå dei oljerike Gulf-landa hjelp det ikkje så mykje når det kjem til diplomati. Her i Doha torsdag saman med Qatars utanriksminister (første frå høgre).

Foto: Alexander W. Riedel / AP

Rex Tillerson, USAs utanriksminister, måtte reise frå Qatar denne veka utan noko gjennombrot i forsøket på å løyse konflikten. Qatars utanriksminister sa under eit besøk i Tyrkia fredag at det ville vere urettferdig å omtale Tillerson gulf-besøk ein fiasko, og at denne krisa «ikkje kan bli løyst på ein dag».

USA og Qatar inngjekk derimot ei avtale om å trappe opp samarbeidet i kampen mot terror og finansiering av terror, som ikkje falt i god jord i Saudi-Arabia.

USA er allierte med både Saudi-Arabia og Qatar, trass Donald Trump sine umiddelbare twitter-meldingar då krisa starta, der han gjekk hardt ut mot emiratet. Qatar husar al-Udeid-flybasen, den største flybasen USA har i Midtausten og heilt sentral i deira kamp mot IS i Irak og Syria.

– Vi går mot eit langvarig kjølig forhold

Den pågåande krisa har påverka liva til innbyggarane i det vesle landet, der mange familiar har fleire nasjonalitetar.

– Frankrike ber om at sanksjonane tek slutt, spesielt dei som påverkar innbyggarane, som fleirnasjonale familiar som har blitt splitta, sa Le Drian då han besøkte Qatar laurdag.

EGYPT-SAUDI-UAE-BAHRAIN-QATAR-DIPLOMACY

Vender ryggen til: Utanriksministrane i Saudi-Arabia, Dei foreinte arabiske emiratar, Bahrain og Egypt på eit møte i Kairo 5.juli, ein månad etter at dei bestemte seg for å bryte banda med emiratet.

Foto: KHALED ELFIQI / AFP

Når det gjeld matimporten har hjelp frå allierte som Tyrkia avverja full matkrise i ørkenlandet som er heilt avhengig av importert mat. Men det gjer ikkje Saudi-Arabia og deira allierte mildare innstilt; På lista over 13 krav er blant anna at Qatar kuttar dei diplomatiske banda med Iran og kastar ut tyrkiske styrker som har ei militærbase i emiratet.

Og så lenge Qatar ikkje vil gå med på det dei meiner er urimelege krav frå Saudi-Arabia og deira allierte, kan det sjå ut som løysinga er eit stykke unna.

– Vi går mot eit langvarig kjølig forhold, sa Anwar al-Gargash, utanriksministeren i Dei foreinte emirat i går.