Hopp til innhold

Framtidsdraumane til Saudi-Arabias prins kan få ein høg menneskeleg pris

Utsleppsfritt samfunn med 9 millionar innbyggjarar, lynrask kollektivtransport og høgteknologiske løysingar. Fasaden er blank og fin, men baksida er mørk, meiner Amnesty.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

4.800 milliardar kroner skal vere budsjettet for Saudi-Arabias store framtidsprosjekt.

Foto: AFP

Den saudiske prinsen Mohammed bin Salman drøymer stort, og han har også rikdommen til å slå på stortromma.

Prinsen har engasjert eit amerikansk PR-byrå og nokre av verdas beste arkitektar til å lage animasjonane som no får fleire til å sperre opp augo. Også folk som har jobba med design til Hollywood-produksjonar skal ha blitt rekruttert, skriv Bloomberg.

Få detaljar om prosjektet er kjent, men denne veka kom det nokre nye bilete som gjev litt meir innsyn i planane.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Neom skal etter planen romme ni millionar av menneske og har fått namnet «The Line». Alle bilda er planteikningar.

En svær bygning står midt uti en ørken, som er omgitt av hav. Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

To store konstruksjonar som er 500 meter høge står vend mot kvarandre, og skal strekke seg over 170 kilometer.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Prinsen i Saudi-Arabia har fått tak i verdskjende arkitektar og engasjert eit amerikansk PR-byrå som skal hjelpe med å utvikle «The line».

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Det skal etter planen verken vere bilar eller vegar i den futuristiske byen. 

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Prosjektet skal ha ein prislapp på fleire hundre milliarder dollar. Alle bilda er planteikningar.

Bileta er vakre, slik arkitektbilete brukar å vere. Men også visjonane for framtidsbyen Neom er oppsiktsvekkande.

Byen skal vere utsleppsfri, ha plass til 9 millionar menneske, lyntog og eit eige fjellområde kor det skal byggast skianlegg.

Tvangsflytta beduinar

Alt dette skal byggast i ein del av Saudi-Arabia som i dag er ein tørr og karrig ørken. Budsjettet er førebels rundt 4.800 milliardar norske kroner, opplyser Bloomberg.

Det storstilte prosjektet står i kontrast til mykje av det Saudi-Arabia har tent seg rike på. For prosjektet skal vere grønt og fri for klimagassutslepp.

Akkurat som i Noreg, så har Saudi-Arabia produsert fossil energi, og dei er også storforbrukar av fossile kjelder. Så at Neom skal vere grønt, er ein kontrast til situasjonen i landet i dag.

– Mohammed bin Salman vil vise verda at Saudi-Arabia kan og får det til. Også grøn imagebygging ved at det ikkje skal brukast fossil energi. Han driv på med å bygge eit image av at Saudi-Arabia er eit offensivt land når det kjem til grøn teknologi, seier Ina Tin i Amnesty International Noreg.

3MdrlYZeB1o

Mohammed bin Salman er berre 36 år, men høgt oppe i Saudi-Arabia på grunn av si nedarva makt. Han har store visjonar for Neom-prosjektet.

Foto: Handout . / Reuters

Ho er ikkje like begeistra for planane som det prins Mohammed bin Salman er, og nemner fleire grunner til at prosjektet er problematisk.

Det eine er at det budde allereie menneske i dei områda kor det gigantiske prosjektet skal byggast. No er fleire av dei tvungne til å flytte.

– Det bur beduinar der, og det har vore strid om landrettar. Beduinar har blitt fordrive. Og i den samanhengen er det eit rapportert drap frå tryggingsstyrkane på ein av dei leiarane som har protestert mot fordrivinga, seier Tin.

I tillegg har Al Jazeera har rapportert om fleire som har blitt arresterte etter å ha protestert på tvangsflyttinga.

Ina Tin fra Amnesty International under en demonstrasjon i 2015

Ina Tin er seniorrådgjevar i Amnesty, og følger nøye med på menneskerettar i Saudi-Arabia.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Framandarbeidarar

Tin viser også til at det mest sannsynleg vil bli bruk for framandarbeidarar for å få bygd alt som er planlagd å bygge. Og Saudi-Arabia er ikkje eit land kor arbeidstakarane sine rettar står særleg sterkt.

– Det er vanleg med eit skeivt maktforhold mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Styresmaktene seier at reformer er på veg, men inntil det motsette er bevist, så er det grunn til å kritisere, seier Tin.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Storslåtte bilete vart publisert denne veka.

Foto: AFP

Ho viser til at kafala-systemet lenge har vore gjeldande i Saudi-Arabia, slik det også har vore i Qatar der mange av dei som har bygd VM-stadion har vore utsett for uverdige og farlege arbeidstilhøve.

Kafala-systemet er laga for å få tak på billig arbeidskraft, og gjev arbeidsgjevar stor kontroll over arbeidstakarane.

Fryktar storstilt overvaking

Ho er også skeptisk til det høgteknologiske samfunnet som Saudi-Arabia skryt av. Kunstig intelligens, robotar og høgteknologiske løysingar høyrest moderne og attraktivt ut. Men i møte med Saudi-Arabia kan slik teknologi også ha ei mørk bakside.

– Det kjem til å vere ein kraftig kontroll av alle innbyggjarar i Neom. 24 timar i døgnet vil dei vere overvaka og kontrollert.

Neom i dag

Slik ser det ut i delar av Neom i dag. Biletet er tatt under billøpet Paris-Dakar, som gjekk gjennom Saudi-Arabia i 2021.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Prosjektet har allereie halde på nokre år, og sjølv om det er få – og kanskje ingen – bilete av korleis det går med arbeidet, så skal bygginga vere i gang.

Men det skal også ha vore mykje trøbbel for prinsen. Fleire av dei som har vore tilsette i prosjektet har sagt opp jobbane sine. Dei har klaga på eit giftig arbeidsmiljø og eit enormt overforbruk av pengar som ikkje gjev særleg med resultat, skriv Bloomberg.

NRK har ikkje lykkast i å få svar frå den saudiarabiske ambassaden.

SISTE NYTT

Siste nytt