På NATO-møtet i Brussel i dag kom temaet ikkje ein gong opp til diskusjon. USA har bede NATO vurdere korleis organisasjonen kan bistå amerikanske styrkar i ein krig mot Irak. Landa som er mest kritiske er Frankrike, Tyskland, Belgia og Luxenbourg.
Inga semje i NATO om Irak.
Det er i første omgang aktuelt å leggje planar for ein defensiv militær operasjon. Frankrike og Tyskland har varsla at dei treng meir tid for å vurdere den amerikanske forespurnaden om å gi NATO-støtte til Tyrkia i tilfelle ein krig mot Irak.
Frankrike og Tyskland meiner det er feil å starte militær planlegging før alle politiske verkemiddel er prøvde, og dei har fått støtte frå Belgia og Luxenbourg i dette synet.
Noreg og dei andre NATO-landa meiner at NATO kan starte ei slik planlegging utan at det kolliderer med prosessen i FN.