Lars Andreas Kalseth er pensjonert elektrikar. Saman med tre svenskar reiste han i går til Bagdad for å protestere.
Geir Angell Øygarden er frå Arendal. Han reiste ned tidlegare, og skal vere plassert ved kraftstasjonen Al Kerrede i Bagdad.
Geir Angell Øygarden skal vere plassert ved kraftstasjonen Al Kerrede i Bagdad.
Lars Andreas Kalseth skal vere levande skjold ved vassreinseverket i byen, for å prøve å hindre at det blir bomba.
Forandra
- Først blei det sagt av vi skulle plasserast ved den tekniske delen av kommunikasjons- sentralen, fortel Kalseth på telefon frå Bagdad.
- Det er truleg der amerikarane vil prøve å øydeleggje først viss dei startar bombinga på nytt. Men dette blei forandra, og vi skal heller plasserast ved vassreinseverket, seier Kalseth.
- Det er det svært viktig å ta vare på. Elles kan det oppstå smitte og sjukdommar som tyfus og anna, understrekar han.
Sta type
At han drog til Bagdad i går, etter at krigen var starta, forklarar Kalseth med at han er ein sta type.
- Når eg har bestemt meg, så har eg bestemt meg. Eg ville hit ned for å sjå om det var så prekært som dei sa, og det var det, og vel så det, seier han.
- Eg vil prøve å ta vare på menneskeliv. Viss eg bidra - mikroskopisk berre, så er det verdt det, seier han.
Kalseth fortel at dei kan bevege seg fritt, og han hevdar at dei ikkje opplever noka form for tvang frå dei irakiske styresmaktene.
Sverige
Både Kalseth og Geir Angell Øygarden er for tida busette i Sverige, men har familiane sine i Noreg. Øygardeb har budd i Stockholm i 14 år, og er knytt til universitet i byen.
Den svenske avisa Gøteborgs-Posten intervjua Øygarden i Bagdad for få dager sidan. Da var han og 16 andre aksjonistar frå heile verda plasserte på kraftstasjonen Al Kerrede.
Den svenske avisa skriv at aksjonistane bur i kraftverket, og blir godt tekne vare på av dei irakiske styresmaktene. Kraftverket ligg like ved ein militærleir i Bagdad.
Meiner alvor
- Vi må jo vise at vi meiner alvor og blir her når krigen startar. Viss ikkje vil heile ideen om menneskelege skjold vere øydelagd for all framtid, sa Øygarden i intervjuet med han til Gøteborgs-Posten.
Faren, Oddvar Øygarden, fortel til avisa Fædrelandsvennen
at han trur sonen har reist til Irak for å skrive om det som skjer.
- Det at Geir er i Irak no, er det verste ein kan ha å tenkje på, seier faren.