Hopp til innhold

Raser mot det som minner om rikdom

Sjølv om generalstreiken er over i Aten, er det liten grunn til å tru at demonstrasjonane vil stoppe. I natt har demonstrantane gått til åtak på fleire hotell.

Video Dagen derpå i Hellas

Det er omfattande skadar etter dei valdelege demonstrasjonane i Aten.

Sjølv om generalstreiken i Aten er over, er kvardagen langt frå den same for grekarane. Tusenvis av ungdomar heldt fram demonstrasjonane utanfor parlamentet i heile natt.

Eit ektepar i gassmasker er tilbake til plassen etter eit par timars søvn. Dei skal halde fram med demonstrasjonane.

– Me skal demonstrere i morgon, og kvar einaste dag, seier ekteparet som ikkje bryr seg om at generalstreiken er over.

Dei er rasande over høgre skattar og lågare løn, som følgje av drastiske innstrammingstiltak.

Høyr intervju med NRK-journalist Dag Bredvei i Aten:

Utover natta blussa demonstrasjonane altså opp igjen. 500 personar måtte få fyrstehjelp etter at dei fekk pusteproblem då politiet brukte tåregass mot dei. 99 personar blei frakta til sjukehus, 33 demonstrantar vart arrestert, og 31 politimenn er såra.

Sinne også mot turistar

Demonstrantane har også gått til åtak på fleire hotell langs torget. Luksushotell og designbutikkar som signaliserar rikdom har skapt sinne hos mange.

Tryggingspersonell ved hotella miste fort kontrollen, og gjestane blei beordra til å springe ut i ein bakgard, skriv den svenske avisa Aftonbladet.

Men bakgarden vart også fylt av tåregass etter kvart, så politiet evakuerte alle turistane og dei tilsette ut av dei urolege områda.

UD ber dei som skal reise til Hellas følgje med på heimesidene til den norske ambassaden i Aten, for å få fersk oppdatering på korleis dei vurderar tryggingssituasjonen i landet.

Ambassaden skriv at det foreløpig er liten grunn til at nordmenn treng å vere redde for ferieplanane sine. Dei skriv at demonstrasjonane skjer i større byar, og at typiske turiststadar stort sett er skjerma for opptøyane.

(artikkelen held fram under)

GREECE-POLITICS-ECONOMY-STRIKE-EU-FINANCE-GERMANY GREECE-POLITICS-ECONOMY-STRIKE-EU-FINANCE-GERMANY

I natt gjekk fleire demonstrantar til åtak på luksushotell og designbutikkar i Aten.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Nye forhandlingar i dag

Skjebnekampen i parlamentet i Aten held fram i dag, etter at dei i går vedtok sparekutta. Dei held no på å avgjere detaljane for korleis dei skal kutte i den omfattande spareplanen.

Politikarane kjem til å vedta ei plan på 218 milliardar kroner, som vil inkludere skatteauke, privatisering og sparekutt.

Den endelege røystinga er venta å vere ferdig ein gong etter klokka 13 norsk tid. Røystinga finn stad etter at dei folkevalde er ferdige med å diskutere korleis sparetiltaka skal gjennomførast.

SISTE NYTT

Siste nytt