Framleis litt liv att i Tunisias demokratiske vår

Den arabiske våren gav håp om store endringar i Nord-Afrika. Det vart ikkje heilt slik. Men i Tunisia, der våren først slo ut i blomster, har gårsdagens parlamentsval gitt håp om ei betre framtid. Men utfordringane er ikkje få for landet, meiner norsk ekspert.

TUNISIA-POLITICS-VOTE-ENNADHA

Den nye regjeringa i Tunisia står framfor store utfordringar, seier Tunisia-ekspert Marit Tjomsland. Her frå eit valkampmøte til partiet Ennahda i forkant av valet. Det skulle ende med tap for det moderate islamistiske partiet.

Foto: FADEL SENNA / Afp
Marit Tjomsland

Tunisia-ekspert Marit Tjomsland er optimistisk for Tunisias framtid, dagen etter landets første val på nasjonalforsamling, etter revolusjonen i 2011.

Foto: Jan Kåre Wilhelmsen

– Resultatet var som forventa, seier Tunisia-ekspert og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Marit Tjomsland.

Førebels syner resultata etter gårsdagens val i Tunisia at det sekulære partiet Nidaa Tounes kjem til å vinne, med det moderate islamistpartiet Ennahda på andre plass. Mykje tyder på at det no er duka for ei samlingsregjering med representantar frå begge leire.

LES MEIR OM VALRESULTATET: Tunisias islamistparti slått av de sekulære

– Humpete veg

Det har vore turbulent i Tunisia, etter at gjekk gjennom store endringar for tre år sidan. Jasminrevolusjonen, som den vart kalla, starta då ein desperat mann sette fyr på seg sjølv. Ved hjelp av sosiale medium spreidde opprøret seg fort, og i vekene som følgde var Tunisia prega av store protestar.

Til slutt flykta landets president, Zine El Abidine Ben Ali til Saudi-Arabia, etter 25 år ved makta. Tunisia var klare for å byggje demokrati.

Men så enkelt har det ikkje vore.

– Det har vore ein veldig humpete veg. I utgangspunktet skulle prosessen ta eit år. Det var tidsfristen som den grunnlovgivande forsamlinga gav seg sjølv. Men det har vore mange konfliktar og lange periodar med mindre aktivitet. Så slik sett er det stor grunn til å feire at dei kom i mål med dette valet, seier Tjomsland.

TUNISIA-VOTING-PARLIAMENTARY

Det vart feira at Tunisia i går gjennomførte sitt første val sidan landet kasta sin tidlegare president, Zine El Abidine Ben Ali, i 2011.

Foto: FADEL SENNA / Afp

Etter at Ben Ali forsvann frå trona i 2011 har det moderate islamistiske partiet Ennahda styrt landet i ein overgangsfase. I januar i år velte partiet å tre til sides, og dei har måtte tole mykje kritikk.

– Det har vore mange skandalar, økonomien har gått fra dårlig til verre, arbeidsløsheten er høyere enn noensinne, tryggleiken har blitt dårlegare og prisane har gått i vêret under Ennahda, seier Tjomsland.

LES OGSÅ: – Vi stemmer for alle de unge

LES OGSÅ: Krever jobber av nye tunisiske makthavere

Store endringar sidan revolusjonen

Og nettopp på grunn av den turbulente tida er Tjomsland glad for at valoppslutnaden i går hadde auka til rundt 60 prosent av dei som var registrerte for å delta i valet.

– Eg er glad for den store valdeltakinga. Den var ikkje enorm, men substansiell. Valdeltakinga var eit av dei store spørsmåla i forkant, om folk var leie og skuffa av den demokratiske prosessen. Det var eit veldig ope spørsmål kor mange som kom til å delta, seier Tjomsland.

Tunisia har gått gjennom ei rekkje endringar sidan revolusjonen i 2011. Nokre endringar har vore til det betre, andre ikkje, meiner Tjomsland.

– Den mest positive og merkbare endringa er at folk no kan snakke fritt. Det var ein veldig streng politistat før revolusjonen. Så det er eit lokk som er teken av, og det er ein fridom folk set pris på, meiner Tjomsland.

TUNISIA-VOTE-PARLIAMENTARY

Ei kvinne viser blekket på fingeren sin, som eit bevis på at ho har gitt si stemme.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Men ho trekk også fram mindre gode ting. Den nyliberalistiske økonomien i landet, som fører til veldig små skatteinntekter, store mengder med importerte varer, og ein økonomi som er ute av statleg kontroll, er ifølgje Tjomsland eit av dei største problema. Og skulda får Ennahda, partiet som har styrt landet i fleire år.

– Folk ønskjer seg noko anna no, seier Tjomsland, som ei forklaring på kvifor Ennahda no må sjå seg slått av det sekulære partiet Nidaa Tounes, som ser ut til å vinne valet med 80 av dei 217 setene i landets parlament. Ennahda ligg an til å få 67 seter.

LES OGSÅ: Brudd i forhandlingene om overgangsstyre i Tunisia

LES OGSÅ: Ny grunnlov vakte jubel i Tunisia

Tunisia skil seg frå nabolanda

Men trass dei store utfordringane Tunisia står overfor, har tida etter den arabiske våren vore betre der, enn i nabolanda. I nabolandet Libya har militante grupper no herja i tre år, sidan tidlegare president Muammar Gaddafi vart drepen av opprørarar. Og i Egypt er det framleis lenge att til politikken stabiliserer seg.

– Dei aller fleste tunisarar reknar seg som truande muslimar, men det har utvikla seg ein ganske tilbakelent versjon av religionen som enkelt let seg kombinere med eit sekulært, modernistisk styresett. Det er denne versjonen av islamd som mange folk no ser ut til å ha vendt tilbake til, etter ein kort flørt med Ennahda.

– Det har vore ein grundig moderniseringsprosess i Tunisia, som har nådd ut til heile landet. Tunisia er eit lite land utan dei rurale bakområda slik som Egypt, der folk lever eit enklare liv. Det er gjerne folk i desse delane av landet som stemmer fram grupper slik som Den muslimske brorskapen i Egypt, seier Tjomsland.

– Optimistisk på sikt

Ho er optimistisk for framtida i Tunisia, sjølv om det er mange problem å ta tak i. Arbeidsløysa, som var ein av hovudårsakene til revolusjonen, er større enn på lenge, og mange håper den nye regjeringa skal gjere situasjonen betre.

I tillegg har mange statlege bedrifter enda opp med å ha altfor mange tilsette, fordi tidlegare regime har gitt tilhengjarane sine jobbar.

– Talet på tilsette i statlege bedrifter er eit problem som må gjerast noko med. Men spørsmålet er om ei demokratisk velt regjering har mot til å ta dei avgjerslene som trengs, sidan mange vil bli sinte på dei, seier Tjomsland.

Men å svartmåle situasjonen heilt, det vil ho ikkje.

– Det er mange store utfordringar, men det er eit land med gode føresetnader for å klare seg. Dei har jo no klart å kome i mål med dette valet, i motsetnad til andre land som har prøvd seg. Eg er optimistisk på sikt, seier Tjomsland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt