Framleis frykt i Tyrkia for at militære skal støtte eit kupp

Kuppforsøket i Tyrkia er slått ned, men folk fryktar framleis at andre deler av det militære skal støtte kuppmakarane, seier NRKs journalist Emrah Senel som er i Tyrkia.

Kuppforsøk i Istanbul.

Det var dramatiske scener i Istanbul i natt. Fleire vart såra då soldatar skaut mot demonstrantar.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

Emrah Senel, som til dagleg jobbar som journalist i NRK Nyheter, er på ferie i byen Isparta sør i Tyrkia. Denne byen ligg ved kysten cirka to timar unna den meir kjende feriebyen Antalya.

Han fortel at det har vore roleg i Isparta, men at det var mykje folk i sentrum av byen i natt. Frå moskeane vart det sendt ut oppmodingar om at folk skulle samle seg i sentrum og protestere mot kuppet. Veldig mange fylgde denne oppmodinga, seier Emrah Senel på telefon frå Isparta.

Heldt seg inne

Emrah Senel.

NRK-reporter Emrah Senel er på ferie i Tyrkia og kan fortelje om ei dramatisk kuppnatt.

Foto: NRK

– Det såg ei stund ut som om kuppet hadde lukkast. Det statlege fjernsynet sa at det var innført portforbod, så vi gjekk ikkje ut. Etter ei stund gjekk kanalen i svart. Andre kanalar viste direkte frå Istanbul, og det var sterkt å sjå det som skjedde. Særleg var det ille å sjå at det vart skote mot sivile, seier han.

Han fortel at fjernsynsbileta viste kuppsoldatar som skaut mot sivile, før dei litt seinare overgav seg.

Emrah Senel har inntrykk av at det i all hovudsak er rett at regjeringa no har kontroll over situasjonen. Det kjem meldingar om at det framleis er nokon som ikkje har overgitt seg, men det verkar som om det verste er over.

Likevel er folk utrygge, fortel han. Det er frykt for at andre delar av hæren kan aksjonere til støtte for kuppmakarane, men dei fleste har håp om at situasjonen kan roe seg.

– Hatretorikk

NRK-journalisten kan også fortelje om at regjeringa no køyrer ein hatretorikk mot tilhengjarane til den USA-baserte imamen Fethullah Gülen, som dei meiner står bak kuppforsøket.

Han reknar med at Tyrkia no vil krevje at Gülen blir utlevert frå USA.

– Mange kjenner også ein bismak når regjeringa no snakkar om at demokratiet har sigra over kuppmakarane. Det verkar heilt klart at Erdogan og regjeringa vil bruke dette kuppforsøket til å styrkje posisjonen sin. Men folket er framleis delt i dette spørsmålet. Sjølv om dei fleste er glade for at kuppet er slått ned, er det også mange som er redde for Erdogan, avsluttar Emrah Senel.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt