- Ikkje berre gjer dette at viktige forsyningar ikkje kjem fram. Mange alvorleg skadde og sjuke blir ikkje frakta til sjukehus, seier NRK-reporter Mah-Rukh Ali, som oppheld seg i jordskjelvområdet.
Det er gjort stor skade på provinshovudstaden i den pakistanske delen av Kashmir, Muzaffarrabad. (Foto: AFP/Scanpix)
I tillegg til det kraftige regnet, kan ho fortelje, er også kulda på veg. Det nærmar seg vinter i dette fjellområdet, og det er framleis mange som ikkje har tak over hovudet. Behovet for telt og teppe er framleis enormt.
Desperasjon
- Det ser ikkje bra ut for dei som er verst ramma, seier Mah-Rukh Ali. Ho kan fortelje om ein aukande desperasjon hos dei som ikkje har fått hjelp. Og det er framleis mange.
Mange med i utgangspunktet mindre alvorleg skadar, som til dømes beinbrot, utviklar infeksjonar fordi dei ikkje får hjelp. Dermed er det fare for at fleire tusen vil dø på grunn av sjukdomar som utviklar seg fordi hjelpa ikkje kjem fram.
Det offisielle talet på omkomne vart i dag oppjustert til 39.422, ein auke på nær 1500 sidan i går. Alle reknar med at det endelege talet blir langt høgare. Over 65.038 menneske er skadde, og det 3,3 millionar er heimlause.
Det er særleg landsbyane i Neelum-dalen 40 kilometer nordaust for provinshovudstaden Muzaffarabad som merkar problema mest. Det er fleire tusen såra i dette uvegsame området, og dei får ikkje hjelp.
Denne skadde jenta har iallefall tak over hovudet. (Foto: AFP/Scanpix)
Utilgjengeleg
Framleis er mange landsbyar fullstendig utilgjengeleg for transport med bil.
Helikopter og fotpatruljar er einaste måten å kome seg fram på.
Hæren i Pakistan har etablert 60 grupper med 12 soldatar i kvar som skal klatre opp til dei mest avsidesliggjande landsbyane.
Mah-Rukh Ali trur dette først og fremst blir gjort for å skaffe seg oversikt over situasjonen, fordi det er avgrensa kor mykje av mat og medisinar dei kan få med seg.
Helikopterstyrt
Tidleg i dag styrta eit militærhelikopter i jordskjelvområdet, og alle seks om bord omkom. Det er førebels uklart om ulukka skuldast dårleg ver eller mekaniske feil ved helikopteret.
Desse menneska høyrer til blant dei heldige som har fått god hjelp etter jordskjelvkatastrofen. (Foto: Reuters/Scanpix)
(NRK)