NRK Meny
Normal

Frå presidentpalasset til ris og vatn

Ho vil få ei litt større celle enn dei andre, men lysa sløkker klokka 21:00.

TOPSHOT-SKOREA-POLITICS

VARETEKT: Park Geun-hye (midten) blir køyrd til fengsel i morgontimane.

Foto: CHUNG SUNG-JUN / AFP

Ho har falle djupt. Frå å regjere frå presidentpalasset, skal den tidlegare Sørkoreanske presidenten sitte på mindre enn ti kvadrat.

Ho vil få visse privilegium. Eigen dusj og toalett i eit separat rom, ein luksus i den sørkoreanske kriminalomsorga.

Teikningar av cella har blitt vist fram og diskutert på fjernsyn i Sør-Korea. Den vil bli litt større enn vanleg, og ho slepp å dele rom med andre fangar.

South Korea Politics The Cell

CELLA: Folk i Seoul studerer ein TV-skjerm som viser fram ein grafikk av cella til den tidlegare presidenten.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Men der stoppar særbehandlinga.

Tidlegare president Park Geun-hye's må kvar morgon klokka 6:30 trekke på seg ein grøn kjeledress. Og klokka 21:00 om kvelden sløkker lysa.

– Ho er ei 65 år gammal kvinne, så det tek dei omsyn til, men samtidig vil ho bli etterforska, og det vil skje uansett alder eller tidlegare status, seier den tidlegare statsadvokaten Kim Kyung-soo, til Reuters.

Frå presidentpalass til fengselscelle

I byrjinga av månaden budde ho framleis i det storslegne «blå huset», som er Sør-Koreas presidentpalass.

South Korea Politics The Cell

LUKSUS: Frå ein seremoni ved presidentpalasset i Seoul i 2014. Her budde Park fram til 10. mars.

Foto: Charles Dharapak / AP

Men 10. mars vedtok forfatningsdomstolen å halde oppe riksrettssaka mot henne, og ho vart avsett.

Skandalen involverer den nære veninna hennar, Choi Soon-sil, som saman med Park skal ha pressa store selskap, mellom anna Samsung, til å betale enorme summer i bestikkelser til stiftingar som Choi kontrollerte.

Park skal også ha lekka informasjon til Choi.

Begge avviser skuldingane.

Køyrd i fengsel

Tidleg på morgonen vart ein bleik men fatta Park arrestert og køyrd til fengselet i ein svart KIA.

Så følgde ein rask ID-kontroll, legesjekk og fotografering.

No skal ho i første omgang sitte i 20 dagar i varetekt, medan etterforskinga held på. Men ho risikerer dom på 10 år.

Større celle enn sjefen for Samsung

I følgje Reuters vil ikkje dei medtiltalte få like fin celle som Park.

Samsung-toppen Jay Y. Lee må nøye seg med toalett på cella, og madrass på gulvet.

Forretningsmannen som er verdt rundt 8 milliardar dollar, vil heller ikkje få dusj på cella.

SOUTHKOREA-POLITICS/SAMSUNG GROUP

SAMSUNG-TOPPSJEF: Sjefen for Samsung-gruppen Jay Y. Lee sit allereie i arrest. Han får ikkje like gode vilkår som den tidlegare presidenten Park.

Foto: KIM HONG-JI / Reuters

Ris og vatn

Menyen til Park dei neste vekene, vil uansett blir betrakteleg enklare enn det dei serverer i palasset.

Ifølge kriminalomsorga i Sør-Korea vil innsette få servert 2,500 kaloriar dagleg. Menyen roterer, men det går for det meste i ris, bønner og grønsaker.

I dag vil Park få servert ein enkel lunsj med bønneskot, kål og stuing, til ein verdi av om lag 11 kroner.

Vatnet, det er gratis.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt