Hopp til innhold

– Min atomknapp er større enn din!

Donald Trump har lenge drøymt om eit personleg møte med Kim Jong-un. Men reisa dit har vore krunglete. Dette er dei mest minneverdige utblåsingane foran toppmøtet i Singapore.

ordkrigen mellom Trump og Kim

EG MEINTE DET IKKJE SLIK: Både Trump og Kim veit kva «knappar» dei skal trykke på for å få den andre til å tenne. Det har vore ei stormfull reise mot toppmøtet i Singapore, metta av opp og nedturar, og bøttevis av skjellsord.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

1. mai 2017: – Det vil vere ei ære å møte han

Nord-Korea var i full gang med prøvesprengingar og rakettoppskytingar, men Trump heldt fast på at han var mannen som skulle få skikk på Kim.

– Døra er open og under dei rette forholda vil det vere ei ære å møte han, sa Trump til Bloomberg news.

15. mai 2017: – Stor konflikt med Nord-Korea er mogleg

Fjorten dagar seinare skulda nordkoreanske FN-diplomatar CIA for å planlegge eit attentat på Kim Jong-un, og Trump byrja innsjå han hadde hendene fulle.

Presidenten åtvarar mot at «det kan bli ei stor, stor konflikt med Nord-Korea».

4. juli 2017: – Har han ikkje noko betre å ta seg til?

Nord-Korea skyt opp eit interkontinentalt missil (ICBM) som i teorien kan nå Alaska, og USA kallar inn til lukka møte i FN-tryggingsrådet. Trump krev at Russland og Kina går med på å vedta strengare sanksjonar mot Kim:

Laster Twitter-innhold

– Har ikkje denne mannen noko betre å ta seg til? Eg tviler på om Sør-Korea og Japan vil halde ut mykje lenger. Kanskje Kina vil gjere noko drastisk for å få slutt på dette tøyset ein gang for alle!

9. august 2017: – Dei vil oppleve eld, sinne og makt som verda aldri før har sett

Det andre interkontinentale missilet flyg 3.000 kilometer opp mot verdsrommet. Med ein annan vinkel på flygebana kan den nå Los Angeles, Denver, Chicago, Boston, og New York.

Trump forlanger, og får til slutt FN-tryggingsrådet med på rekordstrenge sanksjonar mot Nord-Korea.

Kim svarar med å true USA med ein hemn som ville vere tusen gangar verre.

Dette fekk det til å koke over for Trump, som eigentleg var komen for å spele golf i New Jersey:

Trump sier Nord Korea vil bli møtt med ild, sinne og makt hvis landet øker atomtrusselen.

– Nord-Korea vil bli møtt med eld, sinne og makt, viss Kim Jong-un truar oss, sa Trump til eit noko sjokkert pressekorps.

Utsegna vart også tittelen på ei bok om Trump.

US-MICHAEL-WOLFF'S-BOOK-ON-TRUMP-ADMINISTRATION-RELEASED-EARLY-D

ELD, SINNE OG MAKT: Utsegna 9. august i fjor vart tittelen på ei bok om livet i regjeringa til Donald Trump.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

Nord-Korea svarte med å skyte to missil rakt over Japan den 25. august og 14. september. Og den 3. september hevdar dei å ha sprengt ei hydrogenbombe.

Kim Jong-un

HYDROGENBOMBE? Dette biletet av Kim Jong-un blei sendt ut i samband med den siste atomprøvesprenginga i september 2017. Delar av fjellet der sprenginga fann stad, kollapsa.

Foto: Str / AFP

19. september 2017: – «Rakettmannen» er på eit sjølvmordsoppdrag

Trump truar med å legge Nord-Korea i grus når han talar til FN-hovudforsamlinga:

– «Rakettmannen» er på eit sjølvmordsoppdrag for seg sjølv og regimet sitt. USA er klare, villige og handlekraftige, men eg håpar det ikkje blir nødvendig. Det er jo difor vi har FN, la oss sjå kva dei kan gjere.

På Twitter kom følgande tirade nokre dagar seinare:

Laster Twitter-innhold

– Eg vil temme denne mentalt sjuke «dotarden» med eld, svarte Kim Jong-un i ei kunngjering.

Røynde journalistar måtte hente fram engelskordboka, og kom til at det betydde noko slikt som «senil gubbe».

Laster Twitter-innhold

12. november 2017: – Eg ville aldri kalla Kim feit og kort

Realitystjerna Trump tok til Twitter for å dele med verda at han var sår over at Kim hadde kalla han «gubbe»:

– Kvifor fornærmar Kim Jong-un meg ved å kalle meg« gubbe», når eg ALDRI ville kalla han kort og feit. Ja, ja, eg prøvar hardt å vere venen hans, kanskje det vil skje ein dag!

Laster Twitter-innhold

3. januar: – Min atomknapp er større enn din!

I nyttårstalen hylla Kim Jong-un sin sitt nyaste interkontinentale missil, som ekspertar hevda kunne nå hovudstaden Washington D.C.

– Heile USA er innan rekkevidde for våre atomvåpen, og atomknappen er alltid på skrivebordet mitt. Det er ikkje ein trussel, det er eit faktum, sa Kim.

Men det var framleis eit ope spørsmål om missilet var i stand til å bere eit atomstridshovud.

Dette tok Trump tak i på Twitter, der han slo fast at han hadde ein ENDA større knapp på sitt skrivebord. Og det var ein knapp som FAKTISK fungerer.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

24. april – Kim er ein open og rettskaffen mann

Under Dei Olympiske leikane skjedde det noko. Sør-Korea inviterte nordkoreanske utøvarar til å delta, og det oppstod søt musikk mellom dei to erkefiendane.

Laster Twitter-innhold

Kim lova å slutte med prøvesprengingar, og Trump byrja igjen å snakke om eit framtidig toppmøte med Kim.

– Kim har vore veldig open og rettskaffen i diskusjonane om eit toppmøte, sa Trump med den franske presidenten Emmanuel Macron på slep i Det kvite hus.

Trump Body Language- Photo Gallery

PÅ SLEP I DET KVITE HUS: Frankrikes president blir geleida ut til pressekonferanse, der Trump nytta høvet til å hylle Kim Jong-un.

Foto: Pablo Martinez / AP

– Vi får sjå korleis det går, kanskje det blir fantastisk, kanskje ikkje, sa Trump.

Den nye optimismen vart også kringkasta på Twitter:

Laster Twitter-innhold

1. juni – Det kan hende eg får meg ei real overrasking!

Det høyrer med til historia at både Kim og Trump avlyste møtet i Singapore, men at dei ved hjelp av forsonande brev klarte å finne saman igjen.

Trump sette tydeleg pris på det store brevet han fekk overlevert av sendebodet frå Nord-Korea.

Laster Twitter-innhold

Men Trump sa til pressen at han ikkje ville opne brevet før han var aleine.

– Og da kan det hende eg får meg ei real overrasking, sa han med eit stort glis til pressekorpset ved Det kvite hus.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt