Fox News-grunnleggjaren Roger Ailes er død

Roger Ailes, grunnleggjaren av Fox News og mangeårig toppsjef i selskapet, er død, 77 år gammal, opplyser familien hans.

Fox News-grunnleggjar Roger Ailes.

Roger Ailes, grunnleggjaren av Fox News, er død, 77 år gammal.

Foto: Fred Prouser / Reuters

I ei fråsegn frå kona hans, Elisabeth, heiter det at ho er svært trist og sit att med eit knust hjarte. Han var ein sann patriot, seier ho blant anna.

– Gjennom ein karriere som strekte seg gjennom over fem tiår, så har arbeidet hans innanfor underhaldning, politikk og nyheiter gjort inntrykk på mange millionar menneske.

Roger og Elizabeth Ailes.

Ekteparet Elizabeth og Roger Ailes fotograferte i New York i juli i fjor.

Foto: Drew Angerer / AFP

Og sjølv om vi no sørgjer over at han er død, så feirar vi også livet hans, heiter det i fråsegna.

Sterk vekst

Ailes starta Fox News i 1996. Nyheitskanalen vart raskt populær, og etter kvart som talet på sjåarar auka fekk kanalen også ei stadig viktigare rolle i det politiske miljøet i USA. Han gjekk av i fjor etter at han vart skulda for seksuell trakassering av fleire kvinnelege tilsette.

Sjølv avviste han skuldingane på det sterkaste, men Fox News inngjekk seinare eit forlik med kvinnene.

Roger Ailes har blant anna vore medierådgjevaren til tidlegare president Richard Nixon, og i fjor var han rådgjevar for valkamporganisasjonen til Donald Trump. I mellomtida hadde han også sentrale roller i valkampane til Ronald Reagan og George H.W. Bush.

– Patriotisk krigar

Fox News-programleiar Sean Hannity seier følgjande om den tidlegare sjefen sin:

Rupert Murdoch.

Mediemogulen Rupert Murdoch kallar Roger Ailes for ein briljant TV-mann.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

– I dag har USA mist ein av sine store patriotiske krigarar. Han har dramatisk og for alltid det politiske- og det mediepolitiske landskapet, og det berre til det betre, skriv han på Twitter.

Ailes vart fødd i Warren i Ohio i 1940. Han tok radio- og fjernsynsutdanning ved Ohio-universitetet i Athens. Han lèt etter seg kona Elizabeth og den 17 år gamle sonen Zachary.

– Hvis dere ikke slutter å angripe meg, blir jeg nødt til å forlate scenen

– Ein stor patriot

Fox-eigaren Rupert Murdoch kallar Ailes ein «briljant TV-mann».

- Roger og eg delte ein stor ide som han gjennomførte på ein måte ingen annan kunne gjere det. I tillegg var han ein stor patriot som aldri slutta å kjempe for det han trudde på. Vi i 21st Century Fox vil alltid vere enormt takknemlege for den forretningsverksemda han bygde opp, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt