NRK Meny
Normal

Fotballpøblar i masseslagsmål

Fleire menneske er alvorleg såra i eit masseslagsmål i sentrum av den svenske hovudstaden Stockholm fredag kveld.

Sveriges Televisjon SVT melder at opp mot 100 personar var innblanda i bråket.

– Det er brukt våpen som balltre og flasker, seier Ulf Lindgren, talsmann for Stockholmspolisen, til TT.

Fotballpøblar

Bråket skal ha starta på ein restaurant, og skal deretter ha spreidd seg til gatene rundt. Politiet trur det er snakk om eit oppgjer mellom fotballpøblar.

– Når så mange menneske møtest på ein spesielle stad, og dei er rusta til kamp, er det mykje som tyder på at det er velorganisert, seier Lindgren.

Fleire personar er tekne til sjukehus med ambulanse. Fleire personar er også arresterte, men Lindgren har ikkje tal på kor mange politiet har teke inn.

Aftonbladet fortel at også restauranten vart delvis ramponert, og fleire vindauge blei knust.

Då politiet kom til staden, hadde dei fleste av slåsskjempene sprunge fra staden, medan såra personar lå igjen i gatane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt