Hopp til innhold

Fotballkamp mot redningsmennene

Dei 33 chilenske gruvearbeidarane som nyleg kom opp i dagen igjen etter ein spektakulær redningsaksjon, skal spele fotballkamp mot redningsmennene sine.

Pinera og gruvearbeidarar på sjukehuset.

President Sebastian Pinera (i mørk dress) saman med dei fleste av dei 33 gruvearbeidarane inne på sjukehuset i dag.

Foto: José Manuel de la Maza / Afp

President Sebastian Pinera saman med ein av gruvearbeidarane.

President Sebastian Pinera saman med ein av dei 33 gruvearbeidarane, Luiz Urzua.

Foto: Alex Ibanez / Ap

Det var Chiles president Sebastian Pinera som gledestrålande fortalde dette då han kom ut frå sjukehuset der dei 33 gruvearbeidarane er inne til helsesjekk, melder nyheitsbyrået AFP.

LES OGSÅ: Her er sistemann ut av gruven

LES OGSÅ: Alle gruvearbeiderne er reddet ut

- Dei som vinn vil få La Moneda (presidentpalasset) og taparane må dra tilbake til gruva, spøkte han til journalistane som venta utanfor sjukehuset.

Ideen om fotballkampen, som skal finne stad 25. oktober, var godt motteken blant gruvearbeidarane. Dei klappa og jubla då den populære presidenten la fram planane om kampen inne på sjukehuset.

Ein av gruvearbeidarane som var sperra inne i gruva i over to månader, Frank Lobos, var profesjonell fotballspelar i Chile på 1980- og 1990-talet. Han skal vere kaptein for gruvearbeidarane sitt lag.

LES OGSÅ: Chiles nye lykketall

LES OGSÅ: – Yonni velger kjærligheten

Helsetilstanden til dei 33 gruvearbeidarane blir karakterisert som overraskande god, og dei første får truleg forlate sjukehuset i løpet av dagen i dag.

Den tidlegare fotballproffen Frank Lobos.

Den tidlegare fotballproffen Frank Lobos skal vere kaptein på laget til gruvearbeidarane.

Foto: Dario Lopez-Mills / Ap

LES OGSÅ: Frykter gruvesirkus i ettertid

LES OGSÅ: «Drukner» i gavetilbud

SISTE NYTT

Siste nytt