NRK Meny
Normal

Forsvarsministeren beklagar overfor Tyrkia

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier seg lei for ei hending under ei Nato-øving i Noreg, som førte til at Tyrkia trekte seg frå øvinga.

Frank Bakke-Jensen og Jens Stoltenberg

Både forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, har sagt seg leie for ei hending under ei øving i Noreg som har fornærma Tyrkia. Her er frå Nato-møtet tidlegare i november.

Foto: Johan Falnes / Pool / NTB scanpix

Torsdag trekte Tyrkia seg frå ei Nato-øving i Noreg etter at ein sivilist fornærma president presidenten Recep Tayyip Erdogan og den tyrkiske landsfaderen Atatürk. Den tyrkiske presidenten vil ikkje gå ut med detaljar om kva som skjedde, men hevda i ein tv-sendt tale at bilete av han og Atatürk blei brukte som «mål».

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, beklaga fredag overfor Tyrkia det som hadde skjedd.

Noreg beklagar også

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seg også lei for det som skjedde, og skriv i ein e-post til NRK at øvingsmeldinga tyrkarane reagerte på, var skrive av ein enkeltperson. Og at innhaldet på ingen måte speglar norske synspunkt.

– Nordmannen, som var innleigd til å arbeide i spelstaben under øvinga Trident Javelin, blei teken ut av øvinga. Vi vil gjere ei grundig undersøking av kva som har skjedd i denne konkrete saka, og etter det ta naudsynte tiltak basert på konklusjonane av undersøkinga.

Bakke-Jensen legg også til at Tyrkia er ein viktig alliert i Nato, som Noreg ønsker å ha eit godt forhold til.

Forsvaret opplyser at den innleigde sivilisten utførte funksjonar som var knytta til drifta av Nato-øvinga.

NRK har også spurt forsvaret korleis dei sjekkar og kvalitetssikrar dei sivilistane som blir brukte i slike øvingar, og kva konsekvensar hendinga kan få. Men i ein e-post skriv forsvaret at dei ikkje ønsker å kommentere dette, og viser vidare til dei kommentarane forsvarsministeren har kome med i saka.

Spenningar i alliansen

Tyrkia har vore medlem i Nato sidan 1952, men spenninga mellom landet og alliansen har auka den siste tida.

Blant anna har Tyrkia fått kritikk for korleis dei har handtert situasjonen etter eit mislukka statskupp i fjor sommar, og fordi Tyrkia har fått eit stadig tettare forhold til Russland. Tyrkia har også retta kritikk mot sin eigen forsvarsallianse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt