Forsvarer sine handlingar i amatørvideo

Fleire amatørvideoar av Amedy Coulibaly er funne på nettet. – De har angripe kalifatet, de har angripe Den islamske stat, og me angrip dykk, er noko av det Amedy Coulibaly seier.

Coulibaly

Med eit IS-flagg i bakgrunnen erklærer Coulibaly si tilhøyrsle til gruppa.

Foto: Privat

Med eit IS-flagg på veggen bak seg sit Coulibaly og fortel kvifor han gjer slik han gjer. Nokre av videoane er filma rett før Coulibaly tok fleire gissel i ein jødisk butikk fredag.

Han seier han har blitt medlem av Den islamske stat (IS), og at han samarbeida med dei to Kouachi-brørne som angreip kontoret til satiremagasinet Charlie Hebdo.

Samarbeida med Kouachi-brørne

– Me har gjort nokre ting saman, og nokre ting kvar for oss. Eg hjelpte til i dette prosjektet ved å gi han nokre tusen euro slik at han kunne kjøpe det han måtte kjøpe, seier Coulibaly, og snakkar om den yngste av Kouachi-brørne, Cherif, som han har kjent ei god stund.

Coulibaly

Coulibaly publiserte fleire videoar før han vart drepen fredag.

Foto: Privat

Coulibaly, som i 2013 vart dømd til fire år fengsel, forsvarer handlingane sine, og meiner det er heilt legitimt sidan IS og det muslimske kalifat har blitt utsette for angrep.

Coulibaly snakkar tilsynelatande direkte til Vesten, som han skuldar for å bombe «der borte», drepe sivile og for stadig å sende nye styrker.

– Er det de som bestemmer på jorda, spør Coulibaly, før han slår fast at han skal kjempe mot at nettopp det skjer.

Også skulda for drapsforsøk onsdag

I ein av videoane funderer Coulibaly på kvifor ikkje fleire muslimske menn kjempar for islam. Han fortel han har vore rundt i fleire franske moskear, og spør seg sjølv kvifor ikkje mennene han har sett der forsvarer islam.

I dag vart det også kjent at fransk politi knyter Coulibaly til eit drapsforsøk som skjedde same dag som Kouachi-brørne angreip Charlie Hebdo.

Ein person som var ute for å jogge vart skoten, og kuler funne på åstaden skal vere like dei kulene som vart funne i kosherbutikken i Porte de Vincennes der Coulibaly haldt fleire gissel fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt