Hopp til innhold

Forsterkar nærværet i Midtausten

Frå neste veke er Kristin Solberg på plass som NRK sin korrespondent i Istanbul.

Kristin Solberg

REISEKLAR: Kristin Solberg tek til som Istanbul-korrespondent i slutten av mai.

Foto: Aftenposten

– Eg gler meg veldig til å reise ut. Både med tanke på jobben, og på Istanbul, som er ein av mine favorittbyar, seier påtroppande korrespondent Kristin Solberg.

Etter tre månader med opplæring i NRK er ho klar for å gjere det ho likar best; å formidle og engasjere gjennom historier frå «felten».

Møt våre korrespondenter - i kveld Sigurd Falkenberg Mikkelsen og Kristin Solberg. Aktualitetsmagasin fra NRKs utenriksredaksjon. Programleder er Hege Moe Eriksen.

Skal dekke eit utal pågåande krigar

For det er nok å skrive heim om. Berre dei siste dagane har følgande meldingar tikka inn frå regionen; IS skal ha teke kontroll over den irakiske byen Ramadi, dagen etter at USA melder om å ha teke livet av fleire sentrale IS-leiarar i Syria.

Bombinga av Jemen er gjenoppteke etter ei kort våpenkvile. Kampane rasar rundt Unesco-byen Palmyra. Tidlegare president Mohamed Morsi og rundt 100 andre frå den muslimske brorskapen er dømde til døden i Egypt.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Israel

GLAD FOR Å FÅ HJELP: Det har vore krevande å dekke eit så konfliktfylt område heilt åleine, seier Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Glad for forsterkingar

– Det er veldig bra at vi får på plass eit kontor i Istanbul. Det har vore ekstremt krevjande å dekke dette området åleine med eit utal pågåande krigar. I tillegg er jo Kristin Solberg både erfaren og flink, seier Falkenberg Mikkelsen.

Han er denne veka i Oslo til liks med resten av korrespondentane, noko som også vil prege vekas Urix-sendingar. Onsdag kan publikum dessutan møte dei alle på eitt brett i Store Studio på Marienlyst.

Det journalistiske ligg i botn

Heller ikkje i Tyrkia, der Kristin Solberg skal ha sin base, er det mangel på saker å dekke. Denne våren har det vore ei rekke terrorangrep i landet, seinast i dag eksploderte kontora til det prokurdiske partiet HDP sør i landet, og i juni er det val. Då vil Solberg være på plass.

– Korleis ser du på overgangen frå avis til TV. radio og nett?

– Det journalistiske ligg jo i botn, uavhengig av plattform. Men det er jo samstundes snakk om nye måtar å formidle på, og ikkje minst mykje nytt teknisk. Eg skal heldigvis ikkje slutte å skrive, NRK satsar mykje på nett. Eg har fått god skolering her på Marienlyst, og kjenner meg klar til å ta fatt på jobben.

Korleis går det med pakkinga?

– Det meste har stått på vent sidan februar då eg flytta frå Kairo, så det er mest småting. Men eg kjem til ei heilt tom leilegheit, så eg må få ordna det nødvendigaste; Madrass, bestikk – og internett!

SISTE NYTT

Siste nytt