Hopp til innhold

Første romfarts-ulukke etter privatisering

Rakett-eksplosjonen i USA seint i går kveld norsk tid er den første sidan NASA gjekk over til å bruke private aktørar til å frakte forsyningar til Den internasjonale romstasjonen ISS.

En ubemannet rakett eksploderte bare sekunder etter oppskyting fra et anlegg tilhørende den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA i delstaten Virginia tirsdag.

VIDEO: Sjå rakettoppskytinga som gjekk feil.

Oppdraget som enda opp i ei eldkule like etter oppskyting frå Wallops Island utanfor kysten av den amerikanske delstaten Virginia, var den fjerde turen som selskapet Orbital Sciences Corporation har stått for. Ingen menneske vart skadd i eksplosjonen, men det vart gjort omfattande skade på utskytingsstaden.

Viseadministrerande direktør Frank Culbertson i Orbital seier at dei ikkje kjenner årsaka til det som skjedde, men at det er sett i verk etterforsking.

– ISS-mannskap ikkje i fare

Romfartsulukke i USA.

Berre sekund etter oppskytinga enda romfartøyet opp i ei eldkule.

Foto: STEVE ALEXANDER / Afp

NASA forsikrar om at mannskapet på ISS ikkje er i fare. Dei seks som er på ISS har nok av ressursar, blir det opplyst. Eit russisk romfartøy skal etter planen dokke stasjonen seinare i dag, og også dette fartøyet har med forsyningar til stasjonen.

– Det var ikkje ein last som var absolutt kritisk for oss, seier William Gerstenemaier i NASA. Mike Suffredini, talsmann for romstasjonen ISS, seier at dei har nok mat og andre forsyningar om bord til å klare seg i fire til seks månader.

Raketten som eksploderte hadde med seg i alt 2200 kilo med forsyningar, både mat og utstyr til stasjonen.

Det er i dag to NASA-astronautar, tre russiske kosmonautar og ein astronaut frå Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA om bord i romstasjonen. Dei sat og fylgde oppskytinga direkte via fjernsynskanalen til NASA.

LES OGSÅ: Alvorlege romfartsulukker i USA

– Eldkule og eksplosjon

Eksplosjonen, som skjedde nokre få sekund etter oppskyting, var svært kraftig. Ronda Miller, som jobbar i ein restaurant rundt fem kilometer frå utskytingsstaden, fortel at det rista i heile bygningen ho jobba då romskipet eksploderte.

– Vi stod utanfor restauranten for å sjå på oppskytinga. Først såg vi eldkula, og deretter ei stor vart sky før heile bygningen rista i eksplosjonen, seier ho til nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje britiske Sky News skulle raketten etter planen skytast opp måndag, men at operasjonen vart utsett fordi eit skip hadde forvilla seg inn i forbodssona som var sett opp rundt Wallops Island før oppskytinga.

Raketten eit par dagar før oppskytinga.

Raketten fotografert på basen på Wallops Island eit par dagar før oppskytinga.

Foto: NASA / Reuters

– Svært dramatisk

Piloten Ed Sealing jr. var oppe i småflyet sitt, ein liten Cessna, i håp om å få eit glimt av rakettoppskytinga. Han seier til USA Today at det var to eksplosjonar, først ein liten, og så ein langt kraftigare.

– For å vere ærleg. Eg hadde aldri sett ei rakettoppskyting før, og eg må seie at det var ei svært dramatisk oppleving, seier han.

De 14 etasjar store raketten, som er bygd av Orbital, hadde med seg eit lasteskip av typen Cygnus, som skulle til romstasjonen ISS. Oppdraget, som gjekk under namnet CRS-3, skulle vere Orbitals fjerde tur til ISS.

Den første turen var ein rein demonstrasjonstur. Alle turane før har vore vellukka, og selskapet har kontrakt med NASA på i alt åtte forsyningsoppdrag.

SISTE NYTT

Siste nytt