Hopp til innhold

Første niqab-dommen i Frankrike

Ein fransk domstol har for første gong i historia bøtelagt kvinner for brot på det nye forbodet mot burka og niqab.

FRANCE/ Hind Ahmas wears a niqab

Hind Ahmas (32) møter pressa utanfor rettslokalet i Meaux, aust for Paris torsdag.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

To muslimske kvinner har fått bøter for å ha gått med niqab, eit heildekkjande slør, offentleg i den nordlege, franske ostebyen Meaux.

Hind Ahmas (32) er dømd til å betala ei bot på 120 euro, medan Najate Nait Ali (36) fekk pålegg om å betala 80 euro for lovbrotet.

Slapp «borgarskaps-kurs»

France Veil Power

Hind Ahmas viser fram bota si på 120 euro. Ho vil anka saka heilt til Strasbourg dersom ho ikkje får medhald i fransk høgsterett.

Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

– Me er dømde etter ei lov som undergrev europeisk lov. For oss handlar det ikkje om pengesummen me må betala, det er ei prinsippsak. Me kan ikkje akseptera at kvinner blir stempla som lovbrytarar for å følgja sine religiøse oppfatningar, sa Ahmas til journalistane som hadde møtt opp utanfor rettslokalet torsdag.

Av ein busetnad på 64 millionar er maks 2000 kvinner i Frankrike råka av burka- og niqab-forbodet, ifølgje fransk politi.

Politiet har skrive ut rundt 90 bøter på gata etter at forbodet tredde i kraft den 10.april i år, ifølgje BBC.

I dag var første gongen at ein domstol gav bøter for brot på den kontroversielle lova.

Aktor hadde også lagt ned påstand om «borgarskaps-kurs» for dei to kvinnene. Dette tok retten ikkje til følgje.

Lovbrytarane seier dei vil anka saka heilt til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg dersom dei ikkje blir frikjende i fransk høgsterett.

Får merksemd i mange land

Kvinnene blei arresterte då dei skulle levera ei bursdagskake til leiaren av regjeringspartiet UMP, Jean- Francois Cope.

Cope var ein viktig pådrivar for å utvida burkaforbodet frå å gjelda offentlege bygg til utandørs i franske gater.

Rettsavseiinga i Meaux blei fylgt med argusauge, ikkje berre i Frankrike, men også i resten av Europa. Belgia, Italia, Danmark, Austerrike, Nederland og Sveits er alle land som anten har, eller som planlegg å innføra, liknande forbod.

– Stiller i presidentvalet med niqab

Dommen mot Ahmas og Ali har fått andre kvinner som ønskjer å bruka heildekkjande hovudplagg til å ta opp att kampen mot forbodet.

Høgtprofilerte Kenza Drider seier ho vil stilla som kandidat til presidentvalet i Frankrike i 2012 - med niqab.

Frå og med fredag førre veke vart det også ulovleg å be ute på gata i Paris. Ifølgje innanriksministeren er bøn på gata «uverdig» og «bryt med dei sekulære prinsippa» som staten er tufta på.