Hopp til innhold

Første møte mellom Trump og Putin

Telefonsamtaler er aldri nok, seier Russlands president Vladimir Putin. I dag møtte han Donald Trump for første gong ansikt til ansikt.

Trump møter Putin på G 20-møtet i Hamburg

FØRSTE MØTE: USAs president Donald Trump og den russiske presidenten Vladimir Putin snakka saman på tomannshand i ettermiddag.

– Det er ei ære å vere her med deg, sa president Trump då han møtte Russlands president Vladimir Putin i Hamburg.

– Eg er glad for å treffe deg, og håpar møtet vårt gir resultat, svarte Putin, og la til at telefonsamtaler åleine ikkje er nok.

Spenninga har bygd seg opp i fleire veker. Alle auge var retta mot dei to, då dei helste på kvarandre for første gong i føremiddag.

Dei to smilte bredt då dei tok kvarandre i handa, og Trump gav Putin eit uformelt klapp på skuldra. Alt frå ansiktsuttrykk, kroppsspråk og måten dei helste på vert truleg analyserte ned til den minste detalj, ifølgje Reuters.

Spente før møtet

Før møtet på fredag hadde Trump skrive på Twitter at han gleda seg til å treffe alle leiarane i Hamburg, og han nemnde spesielt møtet han skulle ha med Putin. «Mykje å diskutere», skreiv Trump.

Laster Twitter-innhold

Dei to presidentane har sett av 35 minutt til det historiske møte. Dei har hatt fleire samtaler på telefon sidan Trump tok over som president i januar, men dette er første gong dei to sit i same rom.

Heilt åleine er dei likevel ikkje. Både den russiske utanriksministeren Sergey Lavrov og USAs utanriksminister Rex Tillerson var til stades, samt tolkar.

Vanskelege tema

Det er venta at Trump og Putin skal diskutere fleire vanskelege utanrikssaker, som krigen i Syria, konflikten i Ukraina og den siste provokasjonen frå Nord-Korea.

Men det er likevel eitt tema det var knytt ekstra spenning til. Kjem Trump til å nemne russisk innblanding i den amerikanske valkampen?

Då Trump var i Polen på torsdag nekta han å akseptere konklusjonen frå fleire amerikanske etterretningsorganisasjonar, om at Russland har blanda seg inn i valkampen for å hjelpe Trump til siger.

Trump sa at det kunne ha vore Russland, men at det også kunne ha vore andre som hadde blanda seg inn.

– Ingen veit sikkert, sa Trump.

Han valde å ikkje svare på spørsmåla om russisk innblanding, som journalistane ropte ut før møtet med Putin.

Juncker, Trump og Putin

G20: Statsleiarar frå dei viktigaste landa i verda er samla i Hamburg. Her snakkar president Donald Trump med Russlands president Vladimir Putin og president i Europakommisjonen Jean-Claude Juncker.

Foto: Steffen Kugler / AP

– Avgjerande møte

Putin har møtt tre andre amerikanske presidentar før Trump. Trump er derimot fersk i rolla som politikar, og mange har derfor vore spente på korleis møtet mellom den uerfarne, men impulsive Trump, og den erfarne og kalkulerande Putin skulle gå.

Kreml har omtalt møtet mellom dei to som avgjerande for tryggleik og stabilitet. Putin har tidlegare i år skildra forholdet mellom dei to landa som svekt etter at Trump kom til makta.

SISTE NYTT

Siste nytt