Hopp til innhold

Lanserer frimerke med smak - av sjokolade

Sjokoladenasjonen Belgia er først i verda til å laga frimerke med smak. Les kva for nokre typisk norske smakar Posten i Noreg har trua på.

Sjokoladenasjonen Belgia er dei første i verda til å laga frimerke med smak.

Påsken er høgtid for sjokolade, som Belgia er verdskjent for. I påsken lanserer postvesenet i Belgia dei første frimerka nokosinne med smak - av sjokolade.

– Smaken minnar om Belgia, seier den nederlandske turisten «Olana» medan ho lattermildt sleikar baksida av eit frimerke på eit postkontor i den belgiske hovudstaden Brussel.

Ho var ein av dei første som kunne leggja dei splitter nye sjokoladefrimerkene på tunga då desse kom for sal på måndag.

Kva for ein typisk norsk smak ville du hatt på frimerka? Skriv inn ditt forslag i kommentarfeltet nederst!

Påskelansering av verdsnyheita

Belgiske sjokoladefrimerker

Dei nye frimerkene kjem i fem ulike smaksvariantar: sjokoladeplate, sjokoladedryss, grovhakka sjokolade, konfekt og sjokoladepålegg.

Foto: - / Afp

Belgia er verdskjent for sjokoladen sin, og i år sparka dei i gong påskehøgtida med ein verdssensasjon. Aldri før er det blitt laga frimerke med smak - og ikkje berre lukt, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Meir enn 500.000 frimerke er ferdig trykte på eit spesielt papir, der limblandinga på baksida består av 40 prosent sjokolade.

Frimerkeprodusentane kunne godt ha vore enda rausare med godsakene, meiner frimerkesamlaren Marie-Claire Verstichel, som har teke turen til det lokale postkontoret for å sikra seg eit eksemplar.

– Eg synest ikkje dei smakar så mykje. Men dei luktar godt, som sjokolade. Her om du vil prøva, seier Verstichel og lyftar frimerkene opp til nasebora.

Positiv til norsk variant

Hilde Ebeltoft-Skaugrud

Pressesjef i Posten Noreg, Hilde Ebeltoft-Skaugrud, har fleire forslag til norske variantar av smakstilsette frimerke.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Ekte sjokomonsar kan gleda seg over fem ulike smakar på frimerkene: sjokoladeplate, sjokoladedryss, grovhakka sjokolade, konfekt og sjokoladepålegg. Eit sett med fem merke kostar om lag 45 norske kroner.

Posten i Noreg har hatt frimerke med lukt tidlegare: roseduftande frimerke i 2001 og kaneldunst til julemerkene i 2005. Rosevarianten måtte dei slutta med fordi lukta blei så massiv at dei som jobba på lageret fekk hovudverk.

– Smak har me aldri hatt. Førebels har me ikkje diskutert det, men det er ikkje umogleg. Ideen er jo såpass god. All honnør til det belgiske postvesenet, seier pressesjef i Posten Noreg Hilde Ebeltoft-Skaugrud.

Brunost og rakfisk?

Skaugrud har fleire forslag til typisk norske smakar som kunne ha fått plass på baksida av frimerka her til lands.

– Ja, det måtte vel blitt brunost då kanskje? Det er jo det norskarste av det norske. Eller kva med rømmegraut eller rakfisk? Det måtte jo ha blitt noko nasjonalt, som har med Noreg å gjera, ler Skaugrud.

Trur du rakfiskfrimerke kunne blitt ein like stor suksess som dei belgiske sjokoladevariantane?

– Ein skal aldri seia aldri. Det er jo lov å prøva. Men dette er det frimerkeforsamlinga vår her i Posten som må vurdera, humrar pressesjefen i Posten Noreg.

SISTE NYTT

Siste nytt