Kinesiske styresmakter har sagt at 45 personar har fått lungebetennelse som følgje av viruset.
Fire nye tilfelle vart rapportert laurdag morgon, og for fem av pasientane skal tilstanden vere alvorleg, ifølgje helsestyresmaktene i Wuhan.
To personar er stadfesta døde av viruset, som er spora til ein fiskemarknad i den kinesiske byen Wuhan.
Talet på smitta i byen var truleg på over 1700 personar per 12. januar, ifølgje forskarar ved senteret for analyse av globale smittsame sjukdommar ved Imperial College i London. Forskingssenteret gir råd til mellom anna Verdshelseorganisasjonen (WHO).
Fleire smitta tyder på spreiing
Det er så langt oppdaga tre tilfelle av viruset utanfor Kina: to i Thailand og eitt i Japan.
Forskarane tok utgangspunkt i det talet for å utlede kor mange som kan vere smitta i Wuhan ved å sjå på trafikken ved flyplassen i byen.
– For at Wuhan skal ha eksportert desse tre tilfella til andre land, må det vere langt fleire tilfelle enn rapportert, seier professor Neil Ferguson til BBC.
Uroa aukar
Fergueson seier til BBC at han er mykje meir bekymra no enn han var for ei veke sidan. Det er likevel for tidleg å slå alarm, meiner Ferguson.
– Folk bør vere oppmerksame på moglegheita for at dette viruset smittar mellom folk, seier han, og legg til at det er usannsynleg at dyr er den viktigaste smittekjelda.
Liknar SARS-virus
To personar er så langt døde etter å ha vorte smitta av coronaviruset, som høyrer til same familie som det dødelege sars-viruset.
Styresmaktene i Hongkong har auka innsatsen for å screene reisene frå Fastlands-Kina, mellom anna med temperatursjekk.
Amerikanske styresmakter stadfesta fredag at det blir gjennomført screening av fly frå Wuhan til San Francisco og New York, samt ved flyplassen i Los Angeles.