Hopp til innhold

Forskarar i USA hevdar Russland har teke minst 6000 ukrainske barn til omskoleringsleirar

Russland har ifølge ein rapport teke tusenvis av ukrainske barn til leirar for politisk omskolering. Forskarane skal også ha funne bevis på militærtrening.

Romania Russia Ukraine War

MILITÆRTRENING: Forskarane ved Yale hevdar å ha funne bevis på at ukrainske barn i 14-årsalderen har fått militærtrening ved russiske leirar, men ikkje at dei har blitt brukte i krig.

Foto: Andreea Alexandru / AP

Forskingsgruppa Conflict Observatory samlar bevis på russiske krigsbrotsverk i Ukraina.

Ifølge rapporten dei har publisert er det reelle talet på forsvunne barn truleg mykje høgare enn dei 6000 som er identifiserte.

Dei skal også ha identifisert minst 43 leirar og andre russiske fasilitetar der ukrainske barn har heldt til, som var del av eit systematisk nettverk i stor skala.

Barna skal vere mellom fire månader og 17 år gamle. Det skal dreie seg både om foreldrelause barn og dei som har foreldre eller verje i Ukraina.

Moskva har ifølge rapporten drive desse sidan invasjonen av Ukraina, 24. februar i fjor.

Fire av dei russiske leirane som Yale-forskarane seier dei har avdekka.

Fire av dei russiske leirane som Yale-forskarane seier dei har avdekka.

Foto: Conflict Observatory

– Hovudformålet med leirane vi har identifisert, synest å vere politisk omskolering, seier forskar Nathaniel Raymond til nyheitsbyrået Reuters.

I nokre av leirane har barn i 14-årsalderen gjennomgått militærtrening, seier Raymond vidare. Han presiserer at dei ikkje hadde funne bevis for nokon har blitt utplasserte i kamp.

Fasilitetane som er oppdaga i Russland dreier seg stort sett om eksisterande sommarleirar. 12 er ved kysten til Svartehavet, sju i okkuperte Krim, og ti kring byane Moskva, Kazan og Yekaterinburg.

Elleve ligg meir enn 800 kilometer frå den russiske grensa til Ukraina. Blant dei er to leirar i Sibir og ein langt aust i landet, meir enn 6000 kilometer frå Ukraina.

Leiren Medvezhonok

Medvezhonok («bjørnunge») skal vere ein av leirane der barn har blitt haldne lenger enn perioden foreldra har sagt ja til.

Foto: Conflict Observatory

Skal ha blitt skilt frå mora på sjukehuset

Forskarane har ikkje klart å identifisere kor mange av barna som har blitt gjenforeina med dei ukrainske foreldra sine.

Fleire foreldre som forskarane har vore i kontakt med, skal ha sagt at dei ikkje har fått noko informasjon om barnet sitt, som kvar dei held til hen eller korleis dei har det.

Ukrainsk TV fortel historia til ukrainske Oleksander, som blei send til sjukehus etter at han blei treft av ein prosjektil under auget.

Kanalen seier at han blei teken saman med mor si til ein filtreringsleir i Bezimenne, der dei blei skilde av russarane.

Biletet skal vise mor til Oleksander, Snezhana.

Biletet skal vise mor til Oleksander, Snezhana, som dei ikkje enno har fått kontakt med ifølge ukrainsk TV.

Foto: UA:PBC

– Dei sa at mor mi ikkje bestod kontrollprosessen og at eg kom til å bli teken vekk frå henne. Vi fekk ikkje ein gong lov til å seie farvel, seier guten som skal vere Oleksander.

– Dei såg på auget mitt, men opererte ikkje. Då sa eg til russarane at eg har ei bestemor, og kan nummeret hennar. Dei sa: «Men ingen treng deg. Du kjem til å få ein ny familie.»

Ved å kontakte bestemora si på Facebook, blei Oleksander omsider gjenforeina med bestemora si, og ikkje sendt til Russland.

Russland: Russere med store hjarte

Den russiske ambassaden i Washington har svart på rapporten i meldingsplattforma Telegram.

Dei skriv at Russland har teke imot barn som vart «tvinga til å flykte saman med familiane sine».

– Vi gjer vårt beste for å halde mindreårige saman med familiane sine. I tilfelle der foreldre og slektningar er fråverande eller døde prøver vi å overføre foreldrelause til passande verje.

Den russiske kommisæren for barn sine rettar saman med barn frå Donbas-regionen i oktober.

Den russiske kommissæren for barn sine rettar saman med barn frå Donbas-regionen i oktober. 234 ukrainske barn blei frakta i tre fly eigde av forsvarsdepartementet i Russland, ifølge EBU.

Foto: Maria Lvova-Belova på Telegram

Heilt i starten av krigen, i mars 2022, var den russiske presidenten Vladimir Putin i eit TV-sendt intervju med den russiske kommissæren for barnerettar, Maria Lvova-Belova.

Ho forklarte då at 1090 foreldrelause barn var blant ukrainarane som dei hadde evakuert frå okkuperte område aust i landet.

Ho sa at desse allereie var framme ved statlege institusjonar i Donbas-regionen, og at russiske borgarar «med store hjarte» sto i kø for å ta dei imot.

Nesten tre månader seinare signerte Putin ei lov som gjorde at barn frå dei same områda kunne få russiske borgarskap på kort tid.

Dette la grunnlaget for permanent adopsjon til russiske familiar, i eit land der adopsjon av utlendingar ikkje er lov.

Videoen er lagt ut av den russiske kommissæren for barn sine rettar på Telegram, og publisert her av EBU.

FN seier skuldingar om tvangsflytta barn er truverdige

FN har tidlegare omtalt skuldingar om at ukrainske barn er tvangsflytta til Russland som truverdige.

– Vi er uroa for at russiske styresmakter har innført ein forenkla prosedyre for å gi russisk statsborgarskap til barn utan omsorgspersonar, og at desse barna blir adoptert bort til russiske familiar.

Det sa Ilze Brands Kheris, leiar for FNs menneskerettskontor i New York, til tryggingsrådet i september.

Høgkommissæren for flyktningar, Filippo Grandi, har også kommentert på situasjonen til EBU sine undersøkande journalistar.

Eit lite minnesmerke til barn råka av krigen i Ukraina, ved den russiske ambassaden i Berlin.

Eit minnesmerke til barn råka av krigen i Ukraina, ved den russiske ambassaden i Berlin. Tala er lagt fram av ukrainske styresmakter.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP

– I ein krigssituasjon kan du ikkje slå fast om barn har familiar eller verjer. Derfor, til dette er gjort tydeleg ikkje gi dei ein annan nasjonalitet eller adoptere dei vekk til ein annan familie.

– Det er svært tydeleg, og vi har sagt det, men eg vil seie det igjen. Dette er noko som skjer i Russland, og som ikkje må skje.

EBU melder at dei har klart å finne mange hundre barn frå dei okkuperte områda i Ukraina som blei frakta til Russland for å bu med russiske familiar eller i statlege institusjonar.

Dei har også funne bevis på at barn har forsvunne under medisinske behandlingar, eller medan dei var på sommarleirar innanfor dei russiske landegrensene.

Slik skal det sjå ut inne på "Klinisk psykiatrisk sjukehus nummer 5", der 12 ukrainske barn skal ha vore ifølge rapporten.

Slik skal det sjå ut inne på «Klinisk psykiatrisk sjukehus nummer 5», der 12 ukrainske barn skal ha heldt til ifølge rapporten.

Foto: Conflict Observatory

Dei ukrainske styresmaktene har oppretta ei nettside som skal hjelpe med å finne barn som har blitt tekne til Russland.

Ukraina sin barnekommissær Herasymtsjuk, går hardt ut mot praksisen.

– Dei kidnappar dei, dei endrar statsborgarskapa deira, adopterer dei vekk som verjar.

Unicef Noreg: – Står i fare for overgrep

Rapporten frå Yale indikerer at Russland bryt både den fjerde Genève-konvensjonen og FN sin barnekonvensjon.

Desse to konvensjonane skal særleg verne barn mot drap, tortur og alle former for vald og overgrep, samt mot diskriminering på grunnlag av nasjonalitet eller politisk oppfatning.

Kristin Oudmayer er direktør for barn sine rettar i FN-organisasjonen Unicef Noreg.

Kristin Oudmayer

Kristin Oudmayer frå UNICEF seier det er vanskeleg å få oversikt over omfanget av barn som blir deporterte til Russland.

Ho seier at statar må ta omsyn til barn sine rettar til statsborgarskap, identitet og familieforhold, sjølv i ein krigssituasjon.

– Vi veit diverre at barn som blir deporterte til Russland står i fare for fleire formar for overgrep, og ikkje har det vernet dei har rett til, seier ho til NRK.

– Unicef Noreg er uroa over rapportar om at prosedyrar for å gi ukrainarar russisk nasjonalitet blir utvida til å gjelde åtskilde og einslege barn. Dette kan krenke retten deira til familieliv og identitet i samsvar med barnekonvensjonen.

Adopsjon skal uansett aldri finne stad under ei humanitær krise, seier Oudmayer vidare.

– Fram til skjebnen til eit barn sine foreldre eller andre nære slektningar kan bli verifisert, blir kvart åtskilde barn rekna som å ha levande nære slektningar. Også dei som er under omsorg av ein institusjon.

SISTE NYTT

Siste nytt