NRK Meny
Normal

Forskar: – Feil å omtale overgrepa som ein valdtektsleik

Vestlege medium har misforstått når dei omtalar hendingane i Tyskland og Sverige som ein «valdtektsleik», meiner antropolog. Uttrykket spreier seg i europeiske medium.

Avisoverskrifter voldtektslek

Uttrykket «valdtektsleik» har dukka opp fleire stadar i media etter at mange kvinner seier dei har blitt utsette for seksuell trakassering når dei har vore i store folkemengder.

Foto: Skjermdump

– Dette er ikkje eit spel. «Taharrush gamea» betyr trakassering i gruppe, seier sosialantropolog Senni Jyrkiäinen til den svenske avisa Metro.

Etter at fleire kvinner vart utsette for seksuell trakassering på nyttårsaftan, både i Tyskland og Sverige, har uttrykket spreidd seg, både i media og på sosiale medium.

Fleire høgreekstreme nettstadar omtalar det som ein arabisk valdtektsleik. Ifølgje nettstaden Fria Tider går leiken ut på at ei stor gruppe arabiske menn omringar eit kvinneleg offer, vanlegvis ei vestleg kvinne, og utset ho for seksuelle overgrep.

Metro har sett nærare på saka, og ifølgje forskarar dei har snakka med byggjer dette på ei farleg misforståing.

Misforstått uttrykk

– At dette er ei form for eit bestemt ritual eller ein «valdtektsleik» er ikkje sant, seier Noora Flinkman i organisasjonen Harassmap i Egypt.

Taharrush er arabisk for trakassering. Dersom du legg til "el-ginsy", eller berre ginsy, blir det seksuell trakassering. Ordet "gamea" betyr gruppe.

Senni Jyrkiäinen trur misforståinga skjer fordi ordet "gamea" er svært likt det engelske ordet "game".

– Det er vestlege medium som misforstått, seier ho.

Globalt problem

Kvinnelige demonstranter i Egypt

Egyptiske kvinner demonstrerte på Tahrir-plassen i Kairo i 2011, etter at mange kvinner hadde blitt utsette for seksuelle overgrep.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Fleire medium melder at det er spesielt vestlege kvinner som er utsette for trakasseringa. Det er ikkje Flinkman samd i.

– I Egypt stemmer ikkje dette, seier ho, som saman med organisasjonen Harassmap jobbar for å få slutt på den sosiale aksepten av seksuell trakassering i Egypt.

Landet har hatt store problem med at kvinner vert utsette for seksuell trakassering. Under revolusjonen i 2011 oppstod det ei ny bølgje av seksuell overgrep mot kvinner.

– Vestlege medium skreiv mykje om dei to kvinnelege journalistane som vart angripne på Tahrir-plassen, men hundrevis av egyptiske kvinner vart utsette for det same, seier Flinkman.

Jyrkiäinen har studert kjønnsrelasjonar i Egypt ved universitetet i Helsinki. Ifølgje ho skjer trakasseringa ofte når mange kvinner og menn er samla ute i gatene, men ho har ikkje høyrt at det er organisert eller planlagt på førehand.

Dei er begge samde om at seksuell trakassering skjer over heile verda.

– Det er eit stort problem som alle kvinner lever med, kvinner med ulike bakgrunnar, seier Flinkman.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt