Hopp til innhold

Forlag trekker bok om Anne Frank

Boka hevda at dei kunne identifisera mannen som røpte skjulestaden til Anne Frank og familien.

Anne Frank i 1942

Anne Frank i 1942.

Foto: Ap

I «The Betrayal of Anne Frank», boka som baserer seg seks års etterforsking, blei det hevda å ha funne mannen som skulle ha røpt skjulestaden til Anne Frank og familien hennar under andre verdskrig.

No ber forlaget Ambo Anthos om unnskyldning, skriv avisa The Guardian.

Inntil dei har gjort meir arbeid med sentrale påstandar i boka, har forlaget bestemt seg for å stoppa å trykkja fleire eksemplar av boka.

Huset i Amsterdam der Anne Frank og hennes familie gjemte seg.

Huset i Amsterdam der Anne Frank og familien hennar gøymde seg.

Foto: / / Ap

Forlaget innrømmer at dei burde hatt ein meir kritisk haldning knytt til etterforskinga i samband med utgivinga av boka.

Hevda han ville redda seg sjølv

Boka, som er basert på seks års forsking samla av ei gruppe leia av den pensjonerte FBI-detektiven Vince Pankoke, fekk mykje merksemd då ho blei publisert 18. januar i år.

Blant anna blei Pankoke intervjua for CBS 60 Minutes, som sa at mannen som dei meinte hadde røpt skjulestaden til Frank-familien hadde gjort det for å redda seg sjølv.

– Han måtte tilby nazistane noko verdifullt for å halda seg sjølv og kona trygge, sa Pankoke i intervjuet.

Otto Frank med sine to døtre Margot og Anne før krigen.

Otto Frank med sine to døtrer Margot og Anne (yngst) før krigen. Berre faren overlevde krigen.

Foto: Ap

Gruppa med etterforskarar meinte at han hadde vore ein del av «Amsterdam Jewish Council», ein organisasjon som blei oppretta av nazistane for å administrera jødiske område.

Etter intervjuet med CBS 60 Minutes skreiv ei rekkje aviser om at ein truleg no kunne vita kven som avslørte gøymestaden til Anne Frank.

NRK skreiv også om dette. Saka er no oppdatert med ny informasjon.

Fekk mykje kritikk

Etter publiseringa av boka, var det fleire historikarar og forskarar som stilte seg tvilande om den sentrale teorien om at det var Arnold van den Bergh som svikta Anne Frank og familien.

Kritikarane stilte særskilt spørsmål om at mannen, som medlem av organisasjonen «Amsterdam Jewish Council», sannsynlegvis ville hatt tilgang til stadene der jødiske folk gøymde seg.

Etterforskingsleiaren Vince Pankoke har tidlegare sagt at målet med etterforskinga ikkje var å retta peikefingeren mot nokon eller stilla nokon for retten.

– Eg prøver berre å løysa den siste saka i karrieren min. Det er ingen foreldingsfrist på sanninga, uttalte han.

Anne Franks dagbok er blitt lest av millioner etter at den ble oppdaget etter krigen.

Anne Franks dagbok blei funnen og gitt ut i 1947. Boka er oversett til 67 språk. Det er blitt selt 30 millionar eksemplar av boka.

Foto: BAS CZERWINSKI / Ap

Sett bort frå Pankoke, er dei fleste av dei 19 etterforskarane som har arbeida med etterforskinga frå Nederland.

Dei har blant anna gjort ein rekonstruksjon av arrestasjonsdagen til Anne Frank og familien hennar.

Gøymde seg bak skjult dør

Familien Frank gøymde seg saman med fire andre jødar for nazistane bak ei skjult dør i eit hus frå 1942 og til 1944.

Der blei dei oppdaga same år.

Etter at Frank-familien blei pågripen, døydde Anne (15) og søstera Margot (19) av tyfus i dødsleiren Bergen-Belsen i februar 1945. Mora blei drepen i Auschwitz.

Minnestein for søstrene Margot og Anne Frank

I den tidlegare konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen er sett opp ein minnestein for søstrene Margot og Anne Frank.

Foto: FABIAN BIMMER / Ap

Anne Frank skreiv dagboknotat om korleis ho opplevde å vera på flukt som jøde, i ei tid der Europa blei okkupert av Hitler.

Notata hennar blei seinare til boka «Anne Franks dagbok».

SISTE NYTT

Siste nytt