Hopp til innhold

Dusøren på forhandlingsleiaren er 5 millionar dollar

FARC-delegasjonen som har landa i Oslo er etterlyst for mord, kidnapping og narkotikasmugling. Men Interpol har gitt dei mellombels fritt leide slik at dei kan forhandle om fred.

Ivan Marquez, FARC leder

USA utlyste i 2007 dusør på forhandlingsleiaren til FARC, Ivan Marquez, verdt 5 millionar dollar.

Foto: Afp

– Vi kan ikkje sei kva personar det er snakk om, men eg kan bekrefte at vi har suspendert etterlysingane av fleire personar med colombiansk statsborgarskap, på oppfordring frå colombianske styremakter. Det fortel Interpols talskvinne Rachel Billington til NRK.

Ho vil ikkje namngje kven det er som har fått sin "Red Notice" mellombels sletta slik at dei kan reise til Noreg utan å bli arrestert.

FARC-geriljaen

Frå jungelen til forhandlingsbordet. Men bagasjen til forhandlarane er tung.

Foto: STRINGER/COLOMBIA / Reuters

Men ifølgje colombianske medium er det snakk om eit knippe geriljaleiarar, som er dømde og etterlyste for grov kriminalitet, som mord, valdtekter, narkotikasmugling, tortur og kidnapping.

I Colombia har det vore demonstrasjonar mot at regjeringa forhandlar med geriljaen som har kidnappa tusenvis av menneske og splitta landet.

Dei som skal forhandle i Oslo har lange rulleblad.

Luciano Marin Arango – alias «Ivan Marquez»

Forhandlingsleiaren til FARC skal ha drepe hundrevis av politifolk og soldatar som «prøvde å hindre» smugling av narkotika. Ifølgje det amerikanske utanriksdepartementet har Ivan Marquez smugla hundrevis av tonn med kokain inn i USA. Pengane han har tent har han brukt på å finansiere FARC-geriljaen.

USA tilbydde i 2007 ein dusør på fem millionar dollar for opplysningar som kan lede til at han blir arrestert.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Cuba Colombia Rebels

Kaldblodig mordar? No skal Luis Alebrto Alban forhandle om fred.

Foto: Ramon Espinosa / Ap

Rodrigo Granda – alias «Ricardo Tellez»

Granda er rekna for å vere talsmann og ambassadør for FARC-geriljaen. Han er dømt til femten å fengsel, men på frifot etter at Frankrike brukte han i gisselutveksling.

Han er skulda for å ha stått bak ei rekke forsvinningar av menneske som mest sannsynleg er blitt drepne.

55.000 menneske er sakna i den 48 år lange konflikten. Han er og skulda for å ha trena opp geriljasoldatar i den colombianske jungelen.

Jesus Carvajalino – alias «Andres Paris»

3,8 millionar colombianarar er internt fordrivne på grunn av borgarkrigen. Som del av den politiske vingen til FARC er Andres Paris skulda for å vere delaktig i at mange colombianarar ikkje lenger har ein heim.

Det er framleis usikkert om han kjem til Oslo, då han framleis er etterlyst av Interpol.

FARC forhandler Jesus Carvajalino

Usikkert om USA vil la Jesus Carvajalino kome til Noreg.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

Der er han etterlyst for kidnapping og terrorisme.

Det at etterlysinga framleis står på heimesidene til Interpol, kan bety at eit anna land enn Colombia nektar å gje han fritt leide. Ifølgje etterlysinga er det USA.

– Colombia kan ikkje tvinge andre land til å fjerne ei etterlysing berre fordi dei gjer det sjølv. Difor kan det variere litt kva etterlysingar som er suspendert eller ikkje, fortel Interpol-talskvinne Billington til NRK.

Årsaka til at Rodrigo Granda framleis står som etterlyst på Interpol sine heimesider vil ho ikkje kommentere.

Luis Alberto Alban – alias «Marco Leon Calarca»

Det er mange som kunne tenke seg å slå kloa i denne karen. Han vart arrestert i Bolivia i 1998 og sent til Mexico der han fungerte som ambassadør for geriljaen fram til han vart utvist i 2002.

Det er lyst ut femten arrestordrar på han, der han blir skulda for mord, terrorisme, kidnapping og flykapring.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Colombia US Rebel Trial

Den intellektuelle geriljakrigaren Ricardo Palmero vil forhandle frå fengsel i USA.

Foto: Javier Galeano / AP

Ricardo Palmera alias «Simon Trinidad»

Soner for tida ein dom på 60 år i eit maksimum-tryggleik fengsel i USA. Han er kjend for å vere blant dei mest aktive gisseltakarane i FARC. Han skydde ikkje å kidnappe barndomsvener og gamle kollegaer frå sin tidlegare jobb som bankmedarbeidar.

Men lukka snudde då han kidnappa amerikanske kontraktørar. USA kravde han utlevert og han vart dømt for kidnapping, terrorisme og narkotikasmugling.

Han prøvde å få redusert straffa ved å utlevere Ingrid Betancourt. Men ho vart sett fri av hæren, og ein amerikansk domstol dømde Simon Trinidad til 60 år i fengsel.

Han er blant dei høgst rangerte medlemmene av FARC-sekretariatet og ein viktig aktør i forhandlingane. FARC prøvde lenge å få han med til Oslo, utan å få gehør for dette.

Ifølgje colombianske medium vil han delta i forhandlingane frå fengselet i USA.

SISTE NYTT

Siste nytt