NRK Meny
Normal

– Alle som er foreldre veit korleis me har det no

Foreldra til kinomordaren i Colorado seier dei føler med offera og familiane, men at dei er svært bekymra for at sonen skal bli avretta.

Huset til James Holmes sine foreldre

Svære pressekorps har omringa huset til foreldra til James Holmes i San Diego.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Advokaten til foreldra til kinodrapssikta James Holmes, fortalde i dag pressa om korleis dei hadde det etter tragedien. Ho ville ikkje kommentere rundt James sitt forhold til foreldra, og bad pressa respektere privatlivet deira. Men advokaten gjorde det klart at dei tenkjer svært mykje på ofra og dei pårørande.

Lisa Damaini

Advokaten til foreldra, Lisa Damaini, fortel at foreldra er svært prega over det som er skjedd.

Foto: Gregory Bull / Ap

– Våre hjarte går til offera og familiane, seier dei via advokaten sin, Lisa J. Damaini under pressekonferansen i San Diego i California.

– Korleis har dei det?, spør ein reporter på staden.

– Dei har det så godt som dei kan ha det etter forholda. Alle som er foreldre kan tenkje seg til korleis dei har det, svara advokaten.

Damaini nytta også høve til å vidareformidle bodskapen om at foreldra er sterkt bekymra for at sonen kan bli dømd til dødsstraff, noko som er sannsynleg i ein delstat som Colorado.

Damaini ville ikkje kommentere kor familien oppheld seg no, og seier ho er bekymra for tryggleiken til familien.

Ein reporter ringde mora til James, Arlene Holmes, berre nokre timar etter skytinga. Det var då rapportert at ho ikkje var overraska over at sonen hadde begått skytinga. Men no er det klart at ho ikkje visste om skytinga på det tidspunktet.

Ho hadde difor eit behov for å gjere det klart at rapportane var uriktige.

Tidlegare i dag møtte 24 år gamle James Holmes i retten for første gong. Han framstod som forvirra og trøytt, og klarte ikkje halde fokus på kva som skjedde rundt han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt