– Situasjonen er veldig alvorleg. Flyktningane er heilt avhengige av naudhjelp for å få dekka sine basisbehov, seier landssjef for Plan International i Tanzania, Jørgen Haldorsen.
Kolerautbrot
Han har pakka kofferten og er klar for å reise ned att til Tanzania, der han mellom anna jobbar med å legge til rette for å hjelpe menneske i flyktningleiren Nyarugusu i det nordvestlege Tanzania.
I flyktningleiren, der det bur rundt 50.000 menneske, har det vore eit alvorleg utbrot av kolera som allereie har kosta mange menneskeliv. Dei fleste av flyktningane er barn, og kvinner som har flykta frå uroa i heimlandet Burundi.
Haldorsen fortel at det er eit særskild fokus på å hjelpe barna i leiren.
– Barn er særskild utsette i situasjonar som dette. Me set opp trygge soner for barn i campane. Det er mange barn som reiser på eigehand, seier landssjefen.
Førebur seg på fleire flyktningar
No førebur Plan og fleire andre hjelpeorganisasjonar seg på det kommande parlamentsvalet i Burundi den 5. juni. Det er frykt for at uroa kan blusse opp att på ny fram mot valet.
– I tillegg til å gje naudhjelp til dei som allereie har flykta, så legg me også planar for det som kan skjer. Tala på folk som flyktar går nedover no, men det er ikkje usannsynleg at fleire kan krysse grensa. Campen er allereie full, og om fleire kjem inn så vert det endå meir kritisk, seier Haldorsen.
Parlamentsvalet som skal finne stad på fredag var først planlagd til 26. mai, men vart flytta på grunn av uroa.
Austafrikanske leiarar vil utsette
Men det er først og fremst presidentvalet som er planlagd til den 26. juni som er omstridd, og mange meiner at også det må bli utsatt.
I førre veke møttest toppleiarar frå fleire austafrikanske land for å diskutere krisa i Burundi. Der kom dei fram til at dei anbefaler å utsette valet, noko også regjeringa i Burundi har opna for å gjere.
Den siste veka har det ikkje vore like uroleg som før, men det er likevel fleire som meiner at tilhøva ikkje er gode nok til å gjennomføre eit val.