Hopp til innhold

For farleg sjølv for julenissen

13 menneske er drepne i gjengoppgjer i den meksikanske byen Ciudad Juarez i løpet av julehelga, 3000 hittil i år. Sjølv ikkje julenissen torer seg inn i byen lenger.

Brannvesenet sytte for gåver til borna i Ciudad Juarez

Brannvesenet sytte for gåver til borna i Ciudad Juarez denne jula.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Narkogjengen held byen Ciudad Juarez ved grensa til New Mexico i USA i eit jerngrep. Det er ein av dei mest valdelege byane i verda, og innbyggjarane er i konstant frykt for nye valdshandlingar.

Stor glede då borna fekk julegåver i Ciudad Juarez.

Stor glede då borna fekk julegåver i Ciudad Juarez.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Med ein makaber form for humor har borna i byen i tida før jul fortalt kvarandre at sjølv julenissen ikkje torer å kome i år, fordi narkogjengane ville krevje «avgift» av gåvene.

LES OGSÅ: - Drep kvinner like godt som menn

LES OGSÅ: Fant åtte hoder uten kropp

Leikevåpen bannlyst

Når ikkje julenissen våga å kome til byen, tek brannvesenet ansvar. Julaftan delte dei ut gåver til dei mange fattige borna i Ciudad Juarez. Mange av brannmennene var kledde i julenisse-kostymar då dei delte ut gåvene, i eit forsøk på å gi borna ei positiv oppleving i ein tøff kvardag.

Men ein type gåver var ikkje å finne i gåvesekkane til brannfolka. Alle formar leikevåpen var bannlyst. Alt som kunne minne om den valdelege kvardagen innnbyggjarne opplever var fjerna. Her gjekk det i syklar, leikedyr, dukker og andre fredelege leiker.

Brannmennene delte ut 500 syklar og 13.000 pakkar til i alt 7000 born i år.

Det vart gåver likevel i Ciudad Juarez.

Så vart det gåver likevel på denne guten i Ciudad Juarez.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

- Heile byen har det vondt. Det var ikkje slik før med så mykje vald og korrupsjon, seier Beatriz de la Cruz (57), som ventar saman med barnebarnet på gåveutdelinga. Ho håpte at brannmennene skulle kome med syklar til dei to jentene ho er bestemor til.

- Dottera mi har ikkje arbeid, mannen min er pensjonist. Vi har ikkje råd til å kjøpe gåver til dei lenger, seier ho.

Fleire hundre familiar, som hadde kledd godt på seg i det kalde vinterveret, tok oppstilling på torget i sentrum av byen tidleg, nokre av dei venta ute heile natta.

LES OGSÅ: Den vanskelige narkokrigen i Mexico

LES OGSÅ: Over 100 drept på en uke

Ingen stader å flykte

Det er fleire hundre narkogjengar i Ciduad Juarez. Alle kjempar om dei mest lukrative smuglarrutene inn i USA. Ein gong var det ein by med eit blomstrande næringsliv, i dag flyktar næringsdrivande ut av byen.

Mange venta heile natta på at "julenissen" skulle kome til Ciudad Juarez

Mange venta heile natt til julaftan på at 'julenissen' skulle kome til Ciudad Juarez.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Men dei fattige har ingen stader å flykte.

Borna er i frontlina i narkokrigen. mange har opplevd å ha mist foreldra i krigen, og ofte er born vitne til regelerette avrettingar. Samstundes blir stadig yngre born rekrutterte til narkogjengane, og mange slår seg saman med dei i håp om å kunne brødfø familiane sine.

Ingen stolar på politiet lenger, dei fleste meiner heile politikorpset er gjennomsyra av korrupsjon. Faktisk er brannvesenet ein av dei få offentlege instansar i Ciudad Juarez som fok stolar på.

Julegåveutdelinga er ein av grunnane til dette.

Brannvesenet i Ciduad Juarez deler ut gåver.

Brannvesenet er ein av få offentlege instansar innbyggjarane i Ciudad Juarez stolar på.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: – Ingen narkoterrorisme i Mexico

LES OGSÅ: 25 drept i ny voldsbølge i Mexico

SISTE NYTT

Siste nytt