Hopp til innhold

Folket i fattigdom - lever i luksus i Paris

Fransk politi si etterforsking av tre afrikanske statsleiarar sine formuar i landet, har avdekt eit enormt pengeforbruk og ufatteleg luksus. Folk i heimlanda lever i djup fattigdom.

Tre presidentar som har vore under etterforsking i Frankrike.

Desse tre presidentane har vore under etterforsking i Frankrike. Frå venstre Teodoro Obiang, Denis Saassou Nguesso og no avdøde Omar Bongo.

Foto: PATRICK KOVARIK/ ADALBERTO ROQUE / AFP

Politiet gjekk for kort tid sidan til aksjon mot eigedomen til den eldste sonen til presidenten i Ekvatorial-Guinea, Teodorin Obiang. Obiang junior er landbruksminister i landet med ei lønn på rundt 25.000 kroner i månaden.

Teodorin Obiang.

Teodorin Obiang er presidentson og landbruksminister i Ekvatorial Guinea.

Foto: ABDELHAK SENNA / Afp

Politiet taua bort 11 luksusbilar frå eigedomen, blant dei ein Maserati, ein Porsche Carrera, ein Aston Martin og ein Maybach. Presidentsonen hadde også to eksemplar av Bugatti Veyron, den dyraste og raskaste sportsbilen i verda. Han skal ha vore i ferd med å skaffe seg ein tredje av same merket.

Ein Bugatti Veyron kostar rundt åtte millionar kroner i Frankrike.

Herskapeleg adresse

Den herskapelege eigedomen til Obiang junior ligg i Avenue Foch, ei av dei dyraste gatene i Paris. Det fem etasjar høge luksushuset inneheld blant anna eit privat diskotek, eit privat spa, ein privat hårsalong, baderom med tappekraner av gull og diamantar, ei matstove i rosa, og i tillegg ein gigantisk veranda med storslått utsikt til Triumfbogen.

Bugatti Veyron 16.4 Grand Sport.

Dette er ein Bugatti Veyron, den raskaste og dyraste sportsbilen i verda.

Foto: aaron tam / Afp

Naboar fortel til den britiske avisa The Guardian at dei visste at Obiang junior var i kjømda eit par dagar før han kom til Paris i privatflyet sitt. Då kom nemleg eit par enorme lastebilar med friske blomar som skulle pynte opp på innsida av herskapshuset.

Når presidentsonen var på plass, kom det alltid bilar frå alle dei største motehusa i Paris med sine kolleksjonar. Her var blant anna Yves Saint Laurent, Dior og Louis Vuitton faste gjestar. Store mengder vin frå dei mest prestisjetunge vinhusa kom også fast til huset.

Starta opp fire luksusbilar

Teodoro Obiang er president i Ekvatorial-Guinea.

Presidenten i Ekvatorial-Guinea, Teodoro Obiang, er under etterforsking i Frankrike.

Foto: JAMES AKENA / Reuters

Ein nabo seier at Obiang junior var svært oppteken av tryggleik. Når han skulle ut av huset fekk sjåføren alltid ordre om å starte opp minst fire av luksusbilane i god tid i førevegen, og så køyrde Obiang junior ut i ein femte.

– Kan du tenkje deg alt bråket det blir når så mange sportsbilar startar opp på ein gong? Og dette skjedde stort sett om natta mellom midnatt og to, seier naboen.

Fransk politi har i fleire år etterforska formuane til tre afrikanske presidentar. Ved sidan av Obiang-familien gjeld det også den no avdøde presidenten i Gabon, Omar Bongo, og sonen hans Ali Bongo, som er president no.

I tillegg gjeld det også presidenten i Kongo-Brazzaville, Denis Sassou-Nguesso og familien hans.

– Kvitvasking og underslag

Denis Sassou Nguesso er president i Kongo Brazzaville.

Denis Sassoui Nguesso er president i Kongo Brazzaville og blir etterforska i Frankrike.

Foto: ALEXANDER JOE / AFP / NTB

Obiang-familien er skulda for å ha verdiar for 160 millionar euro i Frankrike, nesten 1,3 milliardar kroner, i eigedomar, luksusbilar og kontantar i ulike bankar.

Politiet meiner at presidentane og familiane deira har gjort seg skuldige i kvitvasking av pengar, underslag og misbruk av offentlege pengar.

I år 2000, då Obiang junior byrja å byggje oppp bilsamlinga si i Paris, var Ekvatorial Guinea på papiret det rikaste landet i Afrika. Likevel levde likevel eit fleirtal av innbyggjarane under FNs fattigdomsgrense.

Då den verdskjende moteskaparen Yves Saint Laurent døydde for eit par år sidan, vart den store kunstsamlinga hans lagt ut for sal. Salet vart kalla hundreårets kunstsal, og det kom inn over 370 millionar euro. Obiang junior kjøpte 109 gjenstandar til rundt 18 millionar euro.

Slik ser ein Mercedes Mayubach ut.

Slik ser ein Maybach ut. Her frå ei utstilling i India i fjor.

Foto: Mustafa Quraishi / Ap

Internasjonal domstol

Det er ikkje lett for franske styresmakter å få dømt nokon i desse sakene. Olivier Pardo er advokaten til Ekvatorial-Guinea i Frankrike. Han skuldar fransk politi for å ha brote internasjonal lov og truar med å trekkje franske styresmakter inn for internasjonale domstolar.

Obiang-familien har store eigedomar og verdiar også i USA, blant anna eit privat jetfly, eit 200 millionar kroners herskapshus i Malibou i California og fleire svært verdfulle gjenstandar frå Neverland, eigedomen til avdøde Michael Jackson

Også i Spania har familien store eigedomar, og det er starta etterforsking også der.

President Ali Bongo frå Gabon er ein ivrig fotballtilhengjar.

President Ali Bongo frå Gabon er også under etterforsking i Frankrike. Her er han saman med kona under ein kamp i Afrikameisterskapen nyleg.

Foto: Francois Mori / Ap

Dei to franske journalistane Thomas Hofnung og Xavier Harel har nyleg gitt ut ei bok om det vanvittige forbruket til ein del afrikanske leiarar. Til dømes når Sassou N'Guesso, presidenten i Kongo Brazzaville, brukte rundt fem millionar kroner på dressar, skjorter og andre klede hos den dyraste skreddaren i Paris.

Under ein dollar dagen

Familien har 24 eigedomar i Frankrike i sitt eige namn, 112 bankkontoar og fleire sportsbilar. Samstundes lever 70 prosent av innbyggjarane i heimlandet for under ein dollar dagen.

Bongo-familien i Gabon har den største eigedomsmassen i Frankrike av dei tre presidentfamiliane. Dei eig 39 eigedomar i landet, dei fleste i dei mest eksklusive bydelane i Paris og på Den franske rivieraen. Dei har også 70 bankkontoar i Frankrike og minst ni luksusbilar.

Ali Bongo, som vart valt til president då faren Omar Bongo døydde i 2009, kjøpte seg same året ein Bentley Continental Flying Spur til over 1,6 millionar kroner. I Gabon er det mindre enn 800 kilometer med asfalterte vegar.

SISTE NYTT

Siste nytt