Tiltalt for folkemord – angrar ingenting

I Romania er ein tidligere fengselsdirektør tiltalt for folkemord. Det er første gong sidan revolusjonen i 1989, at nokon blir tiltalt for overgrep gjort under kommunistregimet.

Romania Communist Prisons

Tiltalt for folkemord, men angrar ingenting.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Han er bisk, den tidlegare direktøren for det politiske fengselet Ramnicu Sarat. Han har nettopp vore hjå politiet og motteke tiltalen. Han er tiltalt for folkemord, og han blir jaga av eit kobbel med pressefolk heim til leiligheita si i Bucuresti.

– Kva er det de vil?

Den 88 år gamle mannen langar ut mot ein fotograf. Ein reporter spør om han har dårleg samvit for tida han dreiv fengselet.

– Nei, eg gjorde ein jobb, svarar han

Tiltalt for folkemord

Vegg

Ein vegg med namna på alle som vart drepne av kommunistregimet. Frå det politiske fengselet i Sighet.

Brotsverka til 85 år gamle Alexandru Visinescu ligg over 50 år tilbake i tid. Frå det første kommunistregimet i Romania, før Ceausescu. Over ein halv million opposisjonelle vart kasta i fengsel etter andre verdskrigen. Styremaktene skulle innføre eit totalitært kommunistregime under president Gheorghe Gheorghiu-Dej.

Det vart oppretta eit nettverk av politiske fengsel der prestar, intellektuelle, bønder, ministrar og andre politikarar frå det førre regimet sat fengsla. Visinescu var fengselsdirektør for eit av dei.

Han er den første sidan 1989 som er blitt tiltalt for overgrep gjort under kommunismen i Romania. Då vart president Nicolae Ceausescu og kona skotne etter ei kort rettssak.

Aktoratet seier i tiltalen at mange politiske fangar svalt og fraus i hel. Eller vart banka i hel. Historikarar hevdar kvar femte politiske fange døydde. Det er over 100.000 menneske.

Sjølv om Visinescu berre er tiltalt for 6 av desse drapa, har påtalemakta vald å tiltale han for folkemord skriv BBC.

Kart over dødsleire og massegraver

Kart over massegraver i Romania. Dei politiske fengsla låg gjerne i nærleiken. Installasjon ved det politiske fengslet i Sighet. Som ligg heilt nord, på grensa til Ukraina.

Psykologisk terror

Fangane vart også utsette for eit omstridt hjernevask-program.I det politiske fengselet i Pitesti gjekk dei lengst. Der måtte fangane tvinge kvarandre til å drikke urin og ete avføring. Innimellom fekk dei opplæring i dialektisk materialisme og tankegodset til Josef Stalin.

Celle

Enecelle ved det politiske fengselet i Sighet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Instituttet for etterforsking av kommunistbrotsverk, har i mange å arbeidd for å stille overgriparane til ansvar. Instituttet krev no at fleire fengselsdirektørar blir tiltalt. Ein av dei er Ion Ficior, kommandanten for arbeidsleiren Periprava.

Ion Ficior hadde stor glede av å dekke til fangane med matter og gjørme, for so å ri over dei med ein kvit hingst.

Ynskjer forsoning

Trass alt dette ynskjer leiaren for foreininga av tidlegare politiske fangar forsoning. Octav Bjoza var sjølv politisk fange. Han drøymer om at ein, berre ein av dei tidlegare fangevaktarane kunne kome til han å be om orsaking.

– Eg har alltid ynskt at ein av mine tidlegare torturistar kom til meg, og tok meg med i kyrkja for å be om orsaking. At han no innser at han gjorde feil. Ingen har gjort det. Dei er alle overtydde om at dei tente landet sitt og at vi var folkefiendar, seier Bjoza til rumensk kringkasting.

Artikkel 209

Artikkel 209 var ein sekkeparagraf brukt til å straffe dei som ikkje hadde brote lova.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ingen angrande mann

I Bucuresti får ein nærgåande fotograf det glatte lag av tidlegare fengselsdirektør Visinescu. Han slår og kjeftar. Han ber journalistane om å la han få vere i fred. Sjølv om han møtte opp på politistasjonen for å ta imot tiltalen, er det lite som tyder på at han med det første vil bli med i kyrkja for å be om tilgjeving.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt