Hopp til innhold

Folkemord-mistenkt pågripen i Sverige

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Svensk politi har pågripe ein mann som var internasjonalt etterlyst for folkemord under krigen på Balkan på 1990-talet.

Den uidentifiserte mannen vart pågripen av svensk politi i Jämtland i går, mistenkt for krigsforbrytingar på Balkan i det tidlegare Jugoslavia, melder den svenske avisa Expressen.se.

Den mistenkte vart arrestert i bustaden sin, heilt utan dramatikk, ifølgje Östersunds-Posten.

Mannen skal vera ein bosnisk statsborgar i 40-åra. Politiet stadfestar pågripinga, men vil førebels ikkje gje meir informasjon om arrestasjonen.

– Me fekk indikasjonar på at han hadde besøkt Sverige i 2009. Han har også besøkt andre land, men det var først no at me kunne arrestera han. Etter det me forstår har han ingen sterk forankring i Sverige, seier Bertil Olofsson, sjef for Rikskriminalpolisens internasjonale seksjon til NTB.

Etterlyst internasjonalt

Ifølgje den svenske påtalemakta er den pågripne mistenkt for å ha teke del i eit folkemord. Han vart arrestert på bakgrunn av ei internasjonal etterlysing sendt ut av Bosnia i 2009.

– Når mistanken dreier seg om eit slikt lovbrot, må ein internasjonal domstol ta over saka, seier aktor Anna-Lena Rimér til Östersunds-Posten.

SISTE NYTT

Siste nytt