Hopp til innhold

Folk i NATO-land fryktar pandemi meir enn krig

Spreiing av smittsame sjukdommar tronar øvst blant dei fem tinga folk i NATO-land fryktar mest. Krig hamnar nedst på lista.

jens stoltenberg

FRYKT: Folk i NATO-landa fryktar smittsame sjukdommar meir enn krig. Det viser årsrapporten som generalsekretær Jens Stoltenberg la fram tysdag.

Foto: Virginia Mayo / AFP

I koronaåret 2020 trekkjer 40 prosent fram smittsame sjukdommar når dei blir spurde om kva som uroar dei mest.

Det kom fram då generalsekretær Jens Stoltenbergs la fram årsrapporten frå alliansen tysdag.

I rapporten for 2019 var det berre 11 prosent som hadde sjukdom på toppen av bekymringslista si.

– 2020 vart dominert av pandemien. Den forandra livet vårt. Den trua økonomien og samfunnet vårt, sa Stoltenberg då han la fram rapporten i Brussel tysdag.

jens stoltenberg

Pandemien pregar òg Nato og sjefen i alliansen, Jens Stoltenberg. Årsrapporten viser at folk i NATO-landa fryktar sjukdom meir enn krig.

Foto: Angelos Tzortzinis / AFP

Stoltenberg minner igjen om at forsvarsalliansen hjelpte til i den sivile innsatsen mot covid-19 og jobba for å hindre at ei helsekrise vart ei tryggingskrise.

– Natos evne til å forsvare landa og folka våre har ikkje vorte svekt, forsikra han.

Krig minst skremmande

Like bak sjukdom kjem økonomisk krise. 39 prosent seier dei fryktar dette. Det er ein oppgang på frå 33 prosent i 2019, då dette var det folk var mest redd for.

Eit trinn lågare svarar 29 prosent at dei fryktar klimaendringar og ekstremvêr, medan 28 prosent svarer terror. Dei to har gått ned høvesvis 10 og 7 prosentpoeng.

Berre 14 prosent – éin av sju innbyggjarar – seier krig er det som uroar dei mest. I 2019 svarte 17 prosent at dei frykta krig.

– Samarbeid er avgjerande

Elles viser målinga framleis brei oppslutning om Nato. Rundt seks av ti – 62 prosent – seier dei ville røysta for medlemskap i ei avstemming.

Rundt 11 prosent ville stemt nei til medlemskap.

Nato øvelse i Latvia, mai 2020

I NATO-landa er frykta for pandemi langt høgare enn frykta for krig. Biletet viser polske styrkar på ei Nato-øving i Latvia i mai i fjor.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

58 prosent meiner Nato-medlemskap gjer det mindre sannsynleg at heimlandet vil bli angripe.

Både tryggingskjensla og oppslutninga om Nato er marginalt lågare enn for eitt år sidan. Då svarte 64 prosent at dei ville stemt for medlemskap, medan 60 prosent meinte medlemskap gir meir tryggleik. I begge tilfelle er endringa mindre enn feilmarginen på 3 prosentpoeng.

– 79 prosent meiner samarbeidet mellom Nord-Amerika og Europa er viktig. Det er heilt avgjerande. Vi treng eit sterkt transatlantisk band for å handtere utfordringa vi står overfor, seier Stoltenberg.

Målte før Biden tok over

I Noreg svarte 67 prosent at dei ville stemt for Nato-medlemskap, medan 19 prosent ville stemt mot.

74 prosent meiner risikoen for angrep er mindre når vi er med i alliansen, medan 10 prosent trur vi er meir utsett.

Målinga for 2020 vart gjennomført i juli, august og november. Ho fangar med det i liten grad opp eventuelle endringar etter presidentvalet i USA.

Først til neste år vil det vere mogleg å sjå om haldninga til Nato har endra seg med Joe Biden på plass i Det kvite hus.

Også den kollektive forsvarstanken står framleis sterkt. 76 prosent, like mange som i 2019, meiner dei allierte bør stille opp dersom landet deira blir angripe.

Nokre færre (69 prosent) meiner landet deira må stille opp dersom eit av dei andre blir angripne. Det siste talet er to prosentpoeng lågare enn året før, men igjen er dette ei endring som er innanfor feilmarginen.

Noreg klarer så vidt 2 prosent

Rapporten stadfestar òg at Noreg er med i to-prosentklubben. Elleve land – inkludert Noreg – står no på lista over land som bruker minst to prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar, ifølgje Natos anslag for 2020. Med to blank er Noreg akkurat med på lista.

I 2014 var det berre tre land som låg over 2 prosent.

Utviklinga er òg godt nytt for USA, som lenge har kravd at resten av medlemslanda må bidra meir til dei samla forsvarsutgiftene i Nato. USA står for 71 prosent, medan BNP-en i landet berre utgjer 53 prosent av summen for alle NATO-landa.

– Trass pandemien var 2020 det sjette året på rad der Canada og dei europeiske allierte auka forsvarsbudsjetta sine. Den trenden blir forventa å halde fram i år, seier Nato-sjefen.

NATO Secretary General Jens Stoltenberg at the annual Munich Security Conference in Munich, Germany

USAs president Joe Biden skal vere ein varm tilhengjar av Nato. Her er han avbilda saman med Nato-sjef Jens Stoltenberg 7. februar. Begge kan konstatere at folk er meir redd for sjukdom enn krig.

Foto: Michaela Rehle / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt