Hopp til innhold

FN: Sanksjonane mot Nord-Korea har liten effekt

Straffetiltaka mot Nord-Korea har ikkje hindra landet i å byggje kjernevåpen, slår FN fast i ein ny rapport.

Donald Trump, Kim Jong Un

USAs president Donald Trump stadfesta torsdag førre veke at han skal møte leiaren i Nord-Korea Kim Jong-un i februar. Det er førebels ikkje sett noko dato for møtet.

Foto: Evan Vucci / AP

Rapporten kjem berre nokre veker før USAs president Donald Trump og leiar i Nord-Korea Kim Jong-un skal møtast til eit nytt toppmøte i slutten av februar.

Under det første møtet i juni i fjor, skreiv dei to landa under på ei avtale om at dei skal arbeide for full atomnedrusting på Koreahalvøya. Sidan har prosessen stagnert medan partane kranglar om kva atomnedrusting betyr.

No viser rapporten frå FN at Nord-Korea prøver å verne sitt atomvåpen- og missilprogram mot moglege målretta militære åtak, skriv Reuters, som har lese rapporten.

FNs inspektørar skriv at nordkoreanarane prøver å gøyme unna og spreie sine kjernevåpenressursar. Dei brukar sivile anlegg, inkludert flyplassar, til montering og testing av ballistiske missil.

Missil

Militærparade i gatene i Pyongyang i februar 2018.

Foto: Kcna Via Kns / AFP

Snik olje inn i landet

Nord-Korea har fleire gongar oppmoda USA til å løfte sanksjonane som er innførte mot landet. Kim har sagt at han kan kome til å skifte meining om samarbeidet med amerikanarane dersom ikkje presset og sanksjonane vert heva.

Inspektørane frå FN skriv derimot at dei internasjonale sanksjonane mot Nord-Korea har liten verknad.

Olje vert likevel ført ulovleg inn i landet ved hjelp av fartøy som byter last til sjøs, for å unngå å bli oppdaga.

I rapporten står det at det skal finst bevis for ein forboden oljetransaksjon verd nærare seks millionar dollar.

Nord-Korea skal også ha brote forbodet mot å selje våpen og skal ha forsøkt å selje militært utstyr til militære grupper og regjeringar i Midtausten og Afrika.

Nytt toppmøte

Denne veka reiser USAs spesialutsending til Nord-Korea, Stephen Biegun, til Nord-Korea for å førebu det komande toppmøtet mellom Trump og Kim.

Før helga var han optimistisk med tanke på utfallet av samtalane mellom USA og Nord-Korea, men sa også at dei er budde på alternativ dersom samtalane ikkje fører fram.

Eit av landa som vert peika ut som mogleg vertskap for møtet er Vietnam. Trump har sagt at han kjem til å kunngjere nøyaktig tid og stad for møtet denne veka.

SISTE NYTT

Siste nytt