NRK Meny
Normal

Ein million syrarar treng humanitær hjelp

Ifølgje FN treng så mange som éin million menneske i Syria humanitær hjelp.

Syriske flyktningar i ein flyktningleir ved den tyrkiske grensa

Syriske flyktningar i ein flyktningleir ved den tyrkiske grensa.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Ekspertar frå FN og Den islamske samarbeidsorganisasjonen (OIC) besøkte nyleg Syria for å vurdere situasjonen for sivilbefolkninga der.

– Den felles analysen til OIC og FN viser at minst éin million syrarar har behov for humanitær hjelp, seier FN-talsmannen Eduardo del Buey.

Talet på omkomne var på årsdagen for opprøret, 15. mars 2012, over 8000 ifølgje Reuters. Tysdag opplyste FN at talet på omkomne er oppe i 9000 menneske.

Presidenten godtek FN-plan

Samtidig som FN har granska det enorme behovet for humanitær hjelp i landet, lovar president Bashar al-Assad at han vil gå inn for å få fredsplanen til spesialutsending Kofi Annan til å fungere, fortel det statlege nyheitsbyrået i Syria, Sana.

LES: Syria godtar Annans 6-punktsplan

LES: - Må samarbeide for å lykkes

Kofi Annan

Kofi Annan ber regjeringa i Syria om å trekkje alle tyngre våpen ut frå byar der det er opprør og kampar.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Bodskapen frå den hardt pressa syriske leiaren skal ha vorte framført for leiarane i dei såkalla BRICS-landa Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika under eit møte i India torsdag.

Samtidig er det toppmøte i Den arabiske liga der oppmodingar om fred i Styria er eit viktig tema.

Ifølgje planen til FN-diplomaten Kofi Annan må regjeringa straks trekkje ut alle tyngre våpen frå byar der det er opprør og kampar.

Vidare skal humanitære organisasjonar få tilgang til alle område der det er eller har vore kampar.

– Fred med al-Assad som president er umogleg

– Det er heilt umogleg for den syriske opposisjonen å gå med på ei løysing med president Bashar al-Assad ved makta, seier Syria-ekspert Kai Kverme ved Universitetet i Oslo til NTB.

Han meiner Assad vil bruke planen til å vinne meir tid, som er eit synspunkt han deler med ei rekkje andre internasjonale kommentatorar.

– Blir svært krevjande

Statssekretær Torgeir Larsen (Ap) i Utanriksdepartementet innrømmer at det ikkje vil bli lett å få partane i Syria til forhandlingsbordet, slik første punkt i fredsplanen krev.

– Det vil vere ekstremt krevjande å få gjennomført planen, men den er det beste håpet verda har om å få slutt på konflikten, seier Larssen til NTB.

Han omtalar situasjonen i Syria som framleis djupt alvorleg, kritisk og krevjande. Ifølgje statssekretæren blir det jobba intenst på fleire hald for å skape tillit mellom partane, slik at ein etter kvart kan starte forhandlingar om ei politisk løysing.

Kampane held fram

Samstundes er det ingen teikn til fred på bakken i Syria.

Torsdag ettermiddag meldte eksilsyrarar om 23 drepne over heile landet, inkludert 14 sivile.

Det blei meldt om kampar i nærleiken av Damaskus, noko som er eit teikn på at konflikten er i ferd med å spreie seg til hovudstaden.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt