Den særskilde sårbarheita på det afrikanske kontinentet er omtalt i ein FN-rapport i forkant av klimatoppmøtet i Glasgow i slutten av månaden.
– Innan 2030 reknar ein med at opp mot 118 millionar menneske i ekstrem fattigdom blir utsette for tørke, flaum og ekstrem hete i Afrika dersom tilstrekkelege tiltak ikkje blir innførte, heiter det i rapporten.
Ekstrem fattigdom omfattar dei som lever på under 1,90 dollar dagen, ifølgje FN-organisasjonen Verdas meteorologiorganisasjon (WMO). Det svarar til rundt 16 kroner.
– I dei afrikanske landa sør for Sahara kan klimaendringane føre til at BNP går ned med opptil 3 prosent innan 2050. Ikkje berre blir dei forverra fysiske forholda, men talet på menneske som blir ramma, aukar, heiter det vidare.
Rask smelting
Temperaturane på det afrikanske kontinentet held fram med å stige, til liks med havnivået, og ekstremvêr som flaum, jordskred og tørke, kjem hyppigare, uttalte generalsekretær Petteri Taalas i WMO i fjor.
Alt er indikatorar på klimaendringane.
– Den raske smeltinga av dei siste isbreane som er att aust i Afrika, som blir forventa å smelte heilt bort i nær framtid, viser trusselen av ei snarleg og varig endring i det økologiske systemet, seier Taalas.
- Les også:
- Les også:
Temperaturane både i landsmassar og i havet i Afrika steig i fjor raskare enn det globale gjennomsnittet, ifølgje rapporten.
Kan vere heilt smelta innan 2040
Isbreane er for små til å fungere som vassreservar av betydning, men er populære turistattraksjonar og har høg verdi for vitskapen. Breane smeltar raskare enn det globale gjennomsnittet.
– Dersom dette held fram, vil det føre til ei totalt nedbryting av isbreane innan 2040, heiter det i rapporten.
Isbreane i Afrika ligg på tre ulike fjell – på Mount Kenya i Kenya, i fjellkjeda Rwenzori mellom Uganda og Kongo, og på Kilimanjaro i Tanzania.
Forsvinn først i Kenya
Smeltinga av breen på Mount Kenya, Kenyas høgaste fjell, er venta å gå rundt eit tiår raskare enn dei andre, noko som vil gi staden den dystre milepælen å vere det første fjellområdet som mistar ein isbre på grunn av menneskeskapte klimaendringar.
For å unngå endå høgare kostnader knytt til nødhjelp, oppmodar WMO afrikanske land til å investere i infrastruktur og varslingssystem for å førebu seg på konsekvensane av dei endringane som er venta.
Klimatoppmøtet COP26 opnar i Glasgow 31. oktober og varer til 12. november. Møtet blir sett på som det viktigaste sidan Paris-møtet i 2015, og som eit avgjerande steg for å fastsetje utsleppsmål som kan bremse den globale oppvarminga.