NRK Meny
Normal

Eskorten til FN-utsending treft av bombe

Ei vegbombe trefte tysdag militæreskorten til FN si spesialutsending til Irak.

FN-utsending Ad Melkert i Irak

FN-utsending til Irak, Ad Melkert, forlet eit møte i Najaf kort tid før eksorten hans vert truffen av ei vegbombe.

Foto: Alaa al-Marjani / Ap

Spesialutsendinga, nederlandske Ad Melkert kom frå eksplosjonen utan skader,

– Melkert sat i ein av køyretøya. Han er uskadd og har det etter forholda bra, seier ei talskvinne for FN i Irak til nyheitsbyrået Reuters.

Ein politimann blei drepen og tre skadde i eksplosjonen.

Melkert var i Najaf, Iraks største by, for å møte den øvste sjiamuslimske leiaren Ayatollah Ali al-Sistani.

Ifølgje irakisk politi skal bomba ha gått av ved det nest siste køyretøyet i kolonna i det følgjet var på veg til å forlate den heilage sjiamuslimske byen Najaf.

Najaf ligg 160 kilometer sør for den irakiske hovudstaden Bagdad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt