Hopp til innhold

FN truar med krigsrett

Dødstala på Gazastripa stig framleis. FNs høgkommissær for menneskerettar åtvarar om at nokre av krigshandlingane kan føre til krigsrett.

Navanetham Pillay
Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

- Den valdsame serien av provokasjonar og hevn må stoppe, sa høgkommissær Navanetham Pillay under eit møte i FNs menneskerettsråd i dag.

Pillay krev våpenkvile med det same og tek til orde for ei uavhengig gransking av valden.

Men både Hamas og Israel har i dag avvist FN-resolusjonen som krev våpenkvile på Gazastripa.

Les: Avviser FN-resolusjon

Israel har i dag haldt fram kamphandlingane på Gazastripa. Dette er i strid med avtalen om at det skal vere våpenkvile på dagtid, slik at humanitær hjelp kan bli frakta inn i områda.

Artikkelen held fram under videoen.

Video nsps_upload_2009_1_9_11_36_19_1926.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Høgkommissæren for menneskerettar seier menneskerettane må oppretthaldast i det krigsherja området, uavhengig av om partane vert samde om FN-resolusjonen eller ikkje.

Ho understreka at både israelske og palestinske militante etter internasjonal lov pliktar å hjelpe dei såra, verne ambulansar, sjukehus, helsearbeidarar, skular og sivile og heimane deira.

- Situasjonen er utoleleg. Våpenkvila må setjast i verk med det same. Grunnleggande menneskerettar vert brotne systematisk og vassressursane i området vert forureina, seier Pillay.

Utanlandske medium og nyhendesbyrå melder om ulike dødstal. Mange av dei døde er kvinner og barn.

Her er dødstala så langt i den to veker lange konflikten, ifølgje palestinske Røde Halvmåne:

  • Totalt 650 menneskeliv har gått tapt. Av dei er 210 barn, 90 er kvinner, 350 er menn.
  • 2900 er skadde: 830 barn, 400 kvinner, 1670 menn.

SISTE NYTT

Siste nytt