Hopp til innhold

FN: Iran får ikkje delta

Generalsekretæren i FN Ban Ki-moon trekkjer tilbake invitasjonen som Iran hadde fått til å vera med på fredskonferansen om Syria onsdag.

FNs generalsekretær Ban Ki-Moon

FN-generalsekretær Ban Ki-moon meiner Iran bryt lovnader og vil ikkje lenger gi dei innpass på fredssamtalane om Syria som startar onsdag i Sveits.

Foto: Frank Franklin II / AP

Fredssamtalane om Syria skal etter planen starta i Geneve i Sveits onsdag denne veka. I forkant har det vore heftige diskusjonar i FN om Iran si rolle på konferansen.

Søndag opplyste Ban Ki-moon at Iran hadde fått invitasjon, og måndag gjorde landet det klart at det takka ja.

Etter mykje om og men trekkjer FN no tilbake invitasjonen og skuldar Iran for brot på lovnader.

Skuldar Iran for å tala med to tunger

Iran har lenge vore den viktigaste støttespelaren for presidenten i Syria, Bashar al-Assad, og er ein viktig aktør i regionen.

Det er nye utsegn frå iranske styresmakter om at dei ikkje vil støtta ei overgangsregjering i Syria som får FN generalsekretæren til å stengja døra.

– Generalsekretæren er djupt vonbroten over at Iran seier noko anna offentleg enn kva dei har sagt til han privat tidlegare, opplyser pressetalsmann Martin Nesirky.

– Han står likevel fast ved oppmodinga si til Iran om å bli med i samtalane på dei fastlagde premissa, legg talsmannen til.

Den syriske opposisjonsgruppa Nasjonalkoalisjonen truga tidlegare med å utebli frå konferansen dersom Iran kom.

Også dette har skuffa Ban, seier Niersky.

Ut av koalisjonen i protest

Etter å ha blitt kjend med utestenginga av Iran, stadfestar Nasjonalkoalisjonen måndag kveld at den kjem til konferansen, og at den «helsar avgjerda velkomen».

Samstundes varslar den største blokka, Nasjonalrådet i Syria (SNC), at dei trekkjer seg ut av koalisjonen i protest mot dei kommande samtalane med regimet i Syria.

USA har også vist sterk motvilje mot iransk deltaking i Syria-samtalane.

Måndag kveld rosar amerikanske styresmakter FN si heilomvending. «USA håpar med dette at fokuset igjen vil bli retta å få ein slutt på lidinga til det syriske folket og starten av ein prosess mot eit politisk skifte», heiter det i ei pressemelding.

I tillegg til USA, kjem det delegasjonar frå Russland og nærare 40 andre land til Sveits for å diskutera korleis ein kan få ein ende på krigen i Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt