Hopp til innhold

FN-tilsett smitta av ebola

Ein internasjonal helsearbeider som arbeider for FN-styrken UNMIL i Liberia, er smitta av ebola.

FN-medarbeidaren testa positivt og får no behandling, fortel ein talsmann for FN-styrken UNMIL, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Nasjonaliteten til den smitta er ikkje kjend. Vedkomande er den andre personen i UNMIL som vert smitta av det svært farlege viruset. Den første i FN-styrken som vart smitta, døydde 25. september.

UNMIL, eller United Nations Mission in Liberia, er ein fredsbevarande styrke, oppretta i 2003. Styrken består av personale frå blant anna Kina, Nepal, Pakistan, Senegal og Jordan.

Tidenes verste utbrot av ebola har til no tatt livet av meir enn 3 400 menneske, hovudsakleg i Liberia, Guinea og Sierra Leone.


SISTE NYTT

Siste nytt