NRK Meny
Normal

FN stansar mathjelp til delstat i Myanmar

Verdas matvareprogram (WFP) stansar matvarehjelpa til delstaten Rakhine i Myanmar. Det er for farleg der. 120.000 menneske har vore avhengig av desse forsyningane.

Bangladesh Myanmar Attacks

Rohingyaer på veg gjennom risåkrar i Bangladesh etter å ha kryssa grensa frå Myanmar. Ifølgje styresmaktene i Bangladesh sirklar helikopter frå Myanmar utan løyve i luftrommet over området.

Foto: Bernat Armangue / AP

Angrepa mot 25 politipostar som rohingya-opprørarane gjennomførte 25. august var starten på den nye valdsbølgja i landet.

Styresmaktene svarte kontant med ein offensiv som FN kritiserte og karakteriserte for å vere tett opptil etnisk reinsing.

60.000 på flukt

Rundt 60.000 menneske har flykta til Bangladesh sidan 25. august, ifølgje FN. Fleire tusen har tatt seg over grensa berre det siste døgnet – til fots og med båt.

Mange andre er fanga i grenseområdet mellom dei to landa, der dei ventar på husly, mat og tryggleik.

Flyktningar som har komme til fiskelandsbyen Shah Porir Dwip i Bangladesh fortel om bombeangrep og at menneske blir brende levande.

Rohinga-kvinne med barn i grensebyen Teknaf i Bangladesh

Rohinga-kvinner på flukt med borna sine i grensebyen Teknaf i Bangladesh.

Foto: MOHAMMAD PONIR HOSSAIN / Reuters

Falske bilete

Falske bilete og videoar som gir seg ut for å vere tatt i konfliktområdet er spreidde på nettet. Dette har vore med på å skjerpe frontane.

For fire dagar sidan la den tyrkiske visestatsministeren, Mehmet Simsek, ut fleire bilete på Twitter, der han bad det internasjonale samfunnet om å stoppe den etniske reinsinga av rohingyaene. Han fekk skarp kritikk for å leggje ut falske bilete, og tre dagar seinare sletta han meldinga, ifølgje BBC.

Dei siste fem åra har delstaten Rakhine vore delt etter etniske og religiøse skiljelinjer, men valden som har prega Rakhine sidan august, er den verste til no.

For farleg

Det er først og fremst sivile rohingya-muslimar som har vore avhengige av nødhjelpa som er blitt delt ut ved leirane i delstaten Rakhine sidan 2012. Både WFP og andre hjelpeorganisasjonar er blitt skulda av styresmaktene i Myanmar for vere partiske, og å gje matrasjonar til militante rohingya-opprørarar.

No er altså all hjelp frå Verdas matvareprogram (WFP) mellombels innstilt fordi tryggleiken ikkje er god nok. WFP seier i eit fråsegn at dette påverkar 250.000 internt fordrivne og andre sårbare menneske i området.

Hus i brann

Kampane i den nordvestlege delen av Myanmar har kosta nesten 400 menneske livet. Fleire enn 2.600 hus er brende ned i dei rohingya-dominerte områda den siste veka, ifølgje Reuters. Det er strid om kven som står bak eldspåsetjingane.

Det bur rundt ein million rohingyaer i det buddhistdominerte Myanmar. Styresmaktene meiner rohingyaene er ulovlege innvandrarar frå Bangladesh.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt