Hopp til innhold

FN-skuldingar om folkemord i Kongo

Handlingar utført av rwandiske og kongolesiske opprørarar under krigen i Kongo på 90-talet, bør klassifiserast som folkemord, meiner FN.

Det viser utkastet til ein FN-rapport som har leke ut under eit FN-møte i Senegal sin hovudstad Dakar.

Dersom skuldinga blir ståande, vil det forsura forholdet mellom Rwanda og FN ytterlegare, skriv Reuters.

Ifølgje ein Kongo-ekspert krangla FN-diplomatar torsdag om dei skulle inkludera skuldingane i den endelege rapporten.

SISTE NYTT

Siste nytt