Hopp til innhold

Flyktningar kan mogleg få støtte til å bu privat

Det er avgjerande at naboland til Ukraina får støtte til å handtere flyktningane som kjem no, meiner FNs høgkommissær for flyktningar. Justisminister Mehl stadfestar at regjeringa ser på løysingar der flyktningar kan bu i private heimar og få støtte.

Flyktningar, for det meste kvinner og barn, kviler i eit telt etter å ha kome til grenseovergangen i Medyka, Polen. Bilde tatt 6. mars 2022.

Flyktningar, for det meste kvinner og barn, kviler i eit telt etter å ha kome til grenseovergangen i Medyka, Polen. Bilde tatt 6. mars 2022.

Foto: Visar Kryeziu / AP

– Vi er imponert over korleis menneske i Polen har tatt i mot flyktningar frå Ukraina. Noreg er klare for å ta sin del.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse med Mateusz Morawiecki, som er statsminister i Polen.

Morawiecki takka Støre for løftet om å bidra til flyttingskrisa.

Flyktningar kan få støtte til å bu privat

– Vanlegvis vil ikkje flyktningane kunne ta imot økonomisk støtte viss ein bur privat, men det er noko som vi ser på no, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til Dagens på NRK.

Måndag var det registrert over 1,7 millionar menneske som har flykta frå Ukraina etter at Russland invaderte landet. Ifølge Unicef er om lag halvparten av dei barn.

Mehl stadfestar at regjeringa ser på om dei kan finne ei løysing som gjer at ukrainske flyktningar som bur hos familie eller vener, eller i private heimar, kan gjere det og likevel få støtte til livsopphald.

– Men, vi må ramme det inn på ein god måte sånn at vi ikkje lagar ordningar som gjer at folk for eksempel ikkje kjem seg ut i arbeid, eller blir passiviserte, eller det er nokon kommunar som får ein veldig stor belastning i forhold til andre, seier Mehl.

– Enorm mengd folk

Mehl og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) møtte tysdag morgon FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi.

– Eg har sjølv vitna den enorme mengda folk som kjem frå Ukraina til grenseovergangane, seier Grandi.

Grandi har kome til Noreg etter å ha besøkt Ukrainas naboland, som har tatt imot eit stort tal flyktningar frå krigsherja Ukraina. Han har vore i Polen, Romania og Moldova.

Grandi trur vi vil runde 2 millionar flyktningar i dag.

– Dette er den raskast veksande flyktningkrisa i Europa sidan andre verdskrig, understrekar Grandi, som roser landa som tar imot over 100.000 flyktningar kvar dag.

FNs høgkommissær for flyktningar, utanriksministeren og justisministeren.

Justisminister Emilie Enger Mehl (til høgre) seier det gjorde inntrykk å høyre om Grandis erfaringar frå grenseovergangane.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Grandi seier at etter den første flyktningbølga frå Ukraina, blir det truleg ei andre bølge som vil bestå av meir sårbare flyktningar.

– Viss krigen held fram kjem vi til å sjå folk som ikkje har nokon ressursar eller kontaktar, seier italienaren.

Det vil gi ei langt større byrde på nabolanda til Ukraina, som vil trenge langvarig støtte.

– Kapasiteten nær full

Kvart sekund driv krigen eit nytt menneske på flukt frå Ukraina, ifølge Flyktninghjelpen. Dei lanserte i dag sin naudhjelpsplan som kan hjelpe 800.000 menneske inne i Ukraina og i nabolanda.

Grandi seier den militære situasjonen i Ukraina har gjort FNs sitt arbeid vanskeleg i Ukraina, men at dei held fram med å jobbe frå Lviv.

Han ber om solidaritet og støtte til landa som tar imot den største bolken flyktningar. Både frå humanitære organisasjonar, men også frå landets myndigheiter.

– Eg trur at situasjonen i dag er overkommeleg, men kapasiteten vil snart nærme seg full, seier Grandi.

FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi.

Som høgkommissær leier og koordinerer Filippo Grandi det internasjonale arbeidet med å verne og hjelpe flyktningar.

Foto: Aurel Obreja / AP

Han vil ikkje estimere når det kan bli nødvendig å organisere ei omflytting av menneska som har kome til nabolanda, til andre europeiske land.

– Alle landa er bekymra over sine tenester og økonomi. Det har hatt ein stor påverknad på Polen, som har tatt imot over ein million flyktningar. Dei vil at barna skal gå på skule, men det betyr at hundretusenvis treng plassar. Så dei treng hjelp for å støtte sine system, seier høgkommissæren.

Dei tre førre dagane har det vore forsøk på å evakuere sivile ut frå fleire ukrainske byar. Alle dagane blei våpenkvila broten og evakueringa stansa.

Local residents flee from Irpin in Kyiv region

Rundt 2000 klarte å evakuere frå Irpin i Ukraina måndag.

Foto: JEDRZEJ NOWICKI/AGENCJA WYBORCZA / Reuters

Grandi håper Ukraina og Russland kan bli einige om å få opp humanitære korridorar som fungerer.

– Desse humanitære korridorane må vare i nokre dagar for at dei skal vere effektive. Vi må få forsyningar inn, og vi må få folk ut. Det kan ikkje bli gjort på to timar.

Kjem fleire flyktningar til Noreg

Noreg vil halde fram med å støtte det ukrainske folk, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt. I kveld reiser ho til Polen for å sjølv vitne situasjonen ved grenseovergangane.

Regjeringa har vedtatt å gi mellombels kollektivt vern til det ukrainske folk. Det betyr at dei ikkje kjem til å behandle kvar enkeltsøknad.

– I Noreg ser vi no at innkomstane aukar. Vi har ikkje fått det heilt store talet endå, men det går oppover, seier Emilie Enger Mehl.

Trur talet er mykje høgare Har registrert 700 flyktningar frå Ukraina

Klargjøring av flyktningemottak

Rundt 1000 ukrainske flyktningar har kome til Noreg no, ifølge justisministeren.

– Så eg vil seie til folk at vi må vere førebudd på at dette kan bli veldig, veldig stort. Det kan bli større enn vi klarar å førestille oss. Det er det regjeringa no jobbar med å kome i møte.

Togstasjonen i Kyiv 4. mars 2022.

Tusenvis prøver å kome seg på eit tog ut frå Ukrainas hovudstad Kyiv.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Fryktar 10 millionar flyktningar

Omtrent 1,2 millionar menneske har kryssa grensa frå Ukraina til Polen sidan 24. februar, ifølge Polens grensevakt. På søndag besøkte Grandi ein av dei viktigaste grenseovergangane, Medyka.

– Eg takka statsminister Mateusz Morawiecki for Polens sjenerøse velkomst for flyktningar til Ukraina, som eg sjølv var vitne til på grensa i går, tvitra Grandi etter besøket.

Det er frykta at oppimot 10 millionar menneske kjem til å flykte frå Ukraina. FN trur om lag 4 millionar kjem til å flykte til dei nærmaste nabolanda.

I ettermiddag skal Grandi møte med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

FNs høykommissær for flyktningar

SISTE NYTT

Siste nytt