Hopp til innhold

FN kan vedta Libya-aksjon i kveld

Det er venta at Tryggingsrådet i FN i løpet av kvelden vil røyste over eit fransk forslag om å innføre flyforbodssone over Libya.

Video FNs sikkerhetsråd stemmer over Libya

DIREKTE: Tryggingsrådet direkte frå kl. 22.45.

- USA bad i ettermiddag Tryggingsrådet om raskt å kome fram til ein resolusjon som inkluderer ei flyforbodssone, men som også inneheld andre verkemiddel, seier ei høgtståande kjelde i amerikansk UD.

Frankrike og Storbritannia har sagt at dei ventar ei avrøysting klokka 23 i kveld norsk tid.

Militæraksjon

Libyske regjeringssoldatar er på offensiven.

Den libyske regjeringshæren er på frammarsj i Libya, men det er motstridande meldingar om situasjonen på bakken.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

Ei fransk kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at Frankrike, Storbritannia, sannsynlegvis USA og fleire arabiske land vil delta i ein eventuell militær aksjon mot Libya.

Den same kjelda seier at ein intervensjon vil kunne skje «få timar» etter at resolusjonen er vedteken i Tryggingsrådet.

Om ein resolusjon om ei flyforbodssone blir vedteken, vil det truleg innebere bombing av libyske militære installasjonar.

Ein libysk regjeringstalsmann seier at FN-støtta militær aggresjon mot Libya vil vere både umoralsk og i strid med internasjonal mål. - Det er snakk om ein væpna oppstand, og alle land ville ha kjempa mot det, seier talsmannen.

Den amerikanske generalen Norton Schwarts seier at det ikkje er nok å stanse det libyiske flyvåpenet, og at det kan bli nødvendig med andre tiltak for å få regjeringsstyrkane til å trekkje seg tilbake.

Kina og Russland

Eit stor spenningsmoment er korleis Kina og Russland, som begge er vetokamter, vil stille seg til eit forslag om å innføre ei flyforbodssone. Begge land har tidlegare uttrykt skepsis.

Tidlegare har Den arabiske liga bede Tryggingsrådet om å vedta ei flyforbodssone over Libya.

Libyske styresmakter gjorde det tidlegare i dag klart dei vil ta ein pause i angrepa søndag for å gi opprørararne ein sjanse til å overgi seg. Det er elles motstridande meldingar om den militære situasjonen på bakken.

Opprørarane hevdar at dei i dag har skote ned to libyske krigsfly i løpet av torsdag. Dette er ikkje stadfesta at uavhengige kjelder.

- Libyarar under angrep

Nyheitsbyrået Reuters har sett forslaget til Libya-vedtak som no verserer i FN-bygningen i New York. Dersom resolusjonen blir vedteken vil arabiske land og andre land, i samarbeid med FN, ha ein autorisasjon til å verne libyarar under angrep, og dette vil også gjelde opprørsbastionen Banghazi.

Teksten utelukker at det skal setjast inn ein okkupasjonsstyrke i Libya.

LES OGSÅ: - Gaddafis hevn blir ikke hyggelig

LES OGSÅ: - Ti timar på å hindre folkemord

LES OGSÅ: Slipper ikke inn i Libya

Tryggingsrådet i FN 17. mars 2011.

Frankrike har bede om ei avrøysting om Libya klokka 23 torsdag kveld.

Foto: STAN HONDA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt