Hopp til innhold

FN-ja til 300 observatørar i Syria

Tryggingsrådet i FN stemte i dag for å utvide observatørstyrka i Syria til opptil 300 personar.

Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon

Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon skal bestemme når dei 300 nye observatørane skal sendast til Syria

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon får i oppgåve å vurdere om og når forholda ligg til rette for å utplassere dei nye observatørane.

LES: FN gjer klart for 300 observatørar i Syria

FNs spesialutsending Kofi Annan har lenge pressa for at FN må utvide observaatørstyrkane sine i landet, og i dag vedtok Tryggingsrådet at det skal skje.

Kompromiss mellom Russland og Europa

FN Syria sikkerhetsrådet

Tryggingsrådet i FN har vedteke ein resolusjon om å sende inn opptil 300 observatørar til Syria

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Russland var ueinig med europeiske land om når observatørane skal utplasserast i Syria.

LES: Syria vil godta 250 observatører

LES: Støre: No må Tryggingsrådet ta ansvar for dei sivile i Syria

Fleire europeiske land stilte krav om at regjeringshæren må trekkje seg tilbake før dette kan skje, medan Russland meinte dette ikkje var naudsynt.

Resolusjonen som blei vedteke er eit kompromiss mellom desse to.

Rolig då FN-observatørane kom

Tidlegare i dag sa menneskerettsaktivistar at kampane og bombardementet i byen Homs stansa då FN-observatørane kom til byen. For første gong på ei veke var det fredeleg i Homs.

LES: Rolig i Homs under FN-besøk

Kampane slutta samtidig som FN varsla at fleire observatørar skulle komme til byen.

Seks nordmenn til Syria

Seks nordmenn vil i løpet av den neste veka slutte seg til observatørkorpset i Syria. Dei har vore knytt til eit anna FN-oppdrag i regionen. I tillegg er norske Robert Modd kandidat til å leie observatørstyrka.

LES: Nordmenn blir observatører i Syria

Utanriksminister Jonas Gahr Støre meiner vedtaket i Tryggingsrådet er eit positivt signal. Men han åtvarar mot å ha for høge forventningar.

Åtvarar mot høge forventningar

– Tryggingsrådet sitt einstemmige vedtak sender ut eit positivt signal om at verdssamfunnet står meir samla i sitt krav om å få slutt på valden i Syria, seier Støre.

Han ber myndigheitene i Syria om å stoppe valden og legge til rette for observatørstyrka. Han viser til at den første gruppa med observatørar ikkje har fått bevege seg fritt eller fått den tilgangen dei blei lova.

– Vi må difor ha realistiske forventningar til kva observatørstyrka kan oppnå i fråvere av ekte samarbeidsvilje frå syriske myndigheiter, seier utanriksministeren.

FN-observatører i Damaskus mandag

FN-observatørane i Syria kan vente å få besøk av opptil 300 kollegaer.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters
Held ikkje våpenkvila

Tryggingsrådet i FN kritiserte samtidig alle partar i Syria for å ikkje ha heldt våpenkvila, som skulle tre i kraft i tråd med ein plan frå spesialutsending Kofi Annan.

LES: Situasjonen i Syria bekymrar Annan

Ifølgje fredsplanen til Kofi Annan skulle regjeringsstyrkane ha trekt seg ut av byområda før våpenkvila skulle tre i kraft 12. april. Sidan då har over 127 sivile blitt drepne, ifølgje aktivistar.

SISTE NYTT

Siste nytt