Hopp til innhold

FN vil ha 300 observatørar i Syria

Valden i Syria held fram og trugar den skjøre våpenkvila. Ei styrke på 300 observatørar bør vere på plass så fort som mogleg, meiner FN sin spesialutsending Kofi Annan.

SYRIA-MONITORS/ Handout photo released by Syria's national news agency SANA shows Moroccan Colonel Himmiche, leader of the first U.N. monitoring team in Syria, during a visit with his team to one of Damascus' suburbs, one of the locations of protests against Assad

FN-styrkane som allereie er i Syria kan vente å få opptil 300 kollegaer til landet.

Foto: SANA / Reuters

Fredag meldte syriske aktivistar og FN-observatørar om at minst 14 sivile vart drepne i ulike angrep rundt om i Syria.

Kofi Annan

FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan, vil ha 300 observatørar frå FN i Syria.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Samstundes vart 18 soldatar frå tryggingsstyrkane til regjeringa drepne i ulike angrep. Ti av dei vart drepne i ein kraftig eksplosjon i Quneitra-regionen, nær grensa mot Israel, ifølgje statleg syrisk fjernsyn.

Valden og drapa frå begge sider av konflikten held fram med å truge den skjøre våpenkvila i landet.

LES: – FN og Syria enige om betingelsene for flere observatører

Ytterlegare fem soldatar vart drepne i eit liknande angrep i Karak, medan tre blei drepne i ulike angrep andre stader.

FN-styrkane trappar opp

I dag er sju observatørar frå FN på plass i landet, og i løpet av dei neste dagane skal det auke til 30. Kofi Annan håpar at Tryggingsrådet gir klarsignal til ei utviding av denne styrka.

LES:

LES: FN-sjefen vil trappe opp overvåking av våpenhvilen i Syria

FN-observatører i Damaskus mandag

I dag er sju FN-observatørar på plass i Syria.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

I løpet av helga skal alt av kjøretøy, kommunikasjonsutstyr og medisinsk utstyr vere på plass slik at den internasjonale observatørstyrka kan vere oppe og stå så snart stormaktene er einige om det.

– Vi trur utplasseringa av styrkane vil skje jo før jo heller, for den må kome, sa Annan sin talsmann Ahmad Fawzi.

LES: Syria vil godta 250 observatører

– Som vi veit er ikkje situasjonen på bakken god, det er ei veldig skjør våpenkvile med nye offer og hendingar kvar dag, sa han vidare, og la vekt på at FN no må gjere alt dei kan for å stoppe valden og drapa som skjer.

Risikabelt oppdrag

FN Syria sikkerhetsrådet

Tryggingsrådet i FN må gje klarsignal til utvidinga av observatørstyrka i løpet av helga

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Men fleire vestlege land er skeptiske til ei full observatørstyrke, fordi våpenkvila stadig blir broten.

LES: NATO kan bli bedt om å bistå Tyrkia i Syria-konflikten

LES: Støre: No må Tryggingsrådet ta ansvar for dei sivile i Syria

– Vi ønskjer ikkje å sette folka våre i unødig fare, men la oss sjå realiteten i auga: Det er ein farleg situasjon, innrømmer Fawzi.

127 drepne under våpenkvila

Tidlegare på dagen meldte aktivistar om nye granatangrep fleire stader, mellom anna i ein bydel i Homs.

LES: Diplomati mens byer beskytes

Ifølgje fredsplanen til Kofi Annan skulle regjeringsstyrkane ha trekt seg ut av byområda før våpenkvila skulle tre i kraft 12. april. Sidan då har over 127 sivile blitt drepne, ifølgje aktivistar.

Russisk støtte

Russland er blant landa som ivrar for å få på plass ei større observatørstyrke. Det russiske utanriksdepartementet hevdar at våpenkvila stort sett held.

Kina, som saman med Russland har vore ein støttespelar for det syriske regimet, opplyste fredag at det kan tenke seg å bidra med folk til observatørstyrka.

SISTE NYTT

Siste nytt