Hopp til innhold

– Her har me ikkje vatn, ikkje verdigheit

I overfylte tyrkiske flyktningleirar fører mangelen på mat og vatn til vald og aggresjon. Så langt har 115.000 syrarar flykta frå borgarkrigen i heimlandet. Situasjonen er djupt urovekkjande, melder FN.

115.000 syrarar har flykta frå den valdelege konflikten i heimlandet til nabolanda. I dei overfylte flyktningleiarane i Tyrkia er situasjonen fortvila.

Stadig fleire syrarar strøymer til flyktningleirar i nabolanda som følgje av konflikten i Syria. Størst er presset på leirane i tyrkiske grensebyar, der desperasjonen etter livsnødvendig føde fører til valdelege samanstøytar.

Det er natt i den tyrkiske grensebyen Kilis. Ei lita syrisk jente i barnehagealder held eit godt grep om den vesle handa til storesystera si, medan far hennar skjenkar henne vatn frå ei stor plastkanne.

Stemninga i flyktningleiren er uroleg og frustrert. Dei syriske flyktningane som oppheld seg her lever i uvisse. Dei er tørste, svoltne, slitne og redde.

– Me håpar at Den frie syriske hæren (opprørshæren, journ.merk) vil knusa Bashar al-Assad. Då kan me alle reisa heim, fordi dette er ikkje noko liv, seier flyktningen Abu Abdu.

– Ikkje vatn, ikkje verdigheit

Abu Abdu er ein av mange som har rømt til Tyrkia i frykt for dei brutale kampane i heimlandet.

Abdu og dei andre syriske flyktningane veit ikkje om dei har tilgang på mat og vatn neste dag, og kva tid dei kan våga seg tilbake til heimane sine. For øyeblikket er det livsfarleg å returnera. Kampane mellom regjeringsstyrkane og opprørshæren blir stadig meir intense og brutale.

Men i flyktningleiren i Kilis, begynner situasjonen også å bli prekær.

– Me manglar ein anstendig levestandard. Her har me ikkje vatn, ikkje verdigheit. Me vonar at alle desse folka snart kan få reisa heim, seier Abdu til nyheitsbyrået Ap.

I det siste har situasjonen i dei tyrkiske leirane vorte så fortvila, at det har brote ut valdelege samanstøytar mellom flyktningar. Situasjonen har fleire gonger vore så spent at styresmaktene har sendt tryggingsstyrkar inn i leirane.

Politiet har brukt både tåregass og batongar mot flyktningane som protesterer mot mangelen på mat og vatn.

Abu Abdu, syrisk flyktning i Tyrkia

Abu Abdu er ein av mange tusen syriske statsborgarar som har drege frå hus og heim på grunn av kampane mellom regimet og opprørarane i Syria.

Foto: Ap

FN er djupt uroa

Blodbadet i Syria har hittil sendt 115.000 menneske på flukt til nabolanda. For kvar dag som går aukar talet på flyktningar - i takt med den eskalerande valden.

FN er djupt uroa over flyktning-situasjonen.

– Eg er djupt bekymra for dei mange tusen sivile syrarane som har vorte tvinga på flukt som følgje av den dødelege valden som spreier seg i Syria, sa FNs høgkommisær for flyktningar, António Guterres fredag førre veke.

Hovudstaden med 1,7 millionar innbyggjarar var lenge skåna for samanstøytane, men dei siste vekene har borgarkrigen slått ut for fullt også der.

– Eg fryktar for dei sivile som blir fanga midt oppi valden i Damaskus, la Guterres til.

Presset på flyktningleirane har også auka drastisk etter at den syriske opprørshæren søndag starta ein offensiv for å «frigjera» den mest folkerike byen i Syria, Aleppo.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Dødelegaste veka

Juli er den dødelegaste månaden i Syria sidan opptøyane mot president Bashar al-Assad starta i mars i fjor. 2750 menneske vart drepne dei tre første vekene i juli, ifølgje Det syriske observatoriet for menneskerettar.

Så langt skal 18.000 menneske ha vorte drepne. Raudekrossen klassifiserer konflikten som full borgarkrig.

SISTE NYTT

Siste nytt