Hopp til innhold

FN er pengelens – ber om rekordstort milliardbeløp

FNs medlemsland har berre betalt 52 prosent av den summen FN har budsjettert med for å få gjennomført sitt arbeid. No ber FN om 117 milliardar kroner for å hjelpe dei som dei meiner er mest sårbare i verda. Det er ny rekord.

IRAQ-CONFLICT-AID

Dei er på veg bort frå IS sine herjingar i Irak og Syria, og har fått hjelp frå Verdas Matvareprogram, eit FN-organ, i Irak.

Foto: HAIDAR MOHAMMED ALI / Afp

HAITI-QUAKE 95902533

FN har som ambisjon å respondere raskt på krisesituasjonar, men mangel på pengar fører ofte til at jobben ikkje vert gjort så bra og raskt som ein ønskjer. Her frå Haiti, etter jordskjelvet i 2010, der FN hadde vanskar med å få inn pengane dei trengde.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / AFP
Switzerland UN Humanitarian Appeal

FNs sjef for humanitære saker, Valerie Amos, kom med klar tale i dag. Ho ber verdssamfunnet bidra med meir pengar. Berre 52 prosent av bidraga som er lova har kome inn så langt i år.

Foto: Salvatore Di Nolfi / Ap

– Det aukande behovet for hjelp konkurrerer ut vår kapasitet til å respondere, sa FNs leiar for humanitære saker, Valerie Amos i dag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Skal hjelpe dei mest sårbare

I førre veke vart det kjent at FNs matvarefond må kutte i matrasjonane til 1,7 millionar syriske flyktningar. I dag roper organisasjonen om ytterlegare hjelp til å møte dei mange utfordringane FN står overfor. Pengane dei no ber om er også meint å gå til globale hjelpeorganisasjonar som jobbar i dei hardast råka områda.

Amos viste til at 2014 hadde vore eit år med ei alvorleg auke av konfliktar i verda, og at det i slutten av november var 102 millionar menneske som trengde naudhjelp.

Pengane som FN no ber tynt om å få skal brukast til å hjelpe 60 millionar menneske i 22 av dei mest sårbare landa i verda, seier ho. 20 milliardar skal nyttast til å hjelpe dei 12,2 millionar syrarane som er på flukt inne i sitt eige land.

Andre pengar er øyremerka Den sentralafrikanske republikk, kor det framleis er uroleg, og Sør-Sudan, der det har vore politisk uro sidan desember i fjor.

Stor variasjon i pengestøtte

FN får sine pengar ved at medlemslanda betaler ein viss sum over organisasjonens ordinære budsjett. Summen svarer gjerne til det enkelte landets betalingskapasitet. I tillegg har organisasjonen eit eige budsjett for fredstryggande operasjonar.

Sjølv om FNs generalforsamling opererer etter «eit land – ei stemme», så er dei ulike landa sine budsjettbidrag gjerne med på å avgjere kor mykje påverknadskraft dei ulike landa har.

For budsjettperioden 2013–2015 er det USA som troner øvst med 22 prosent av budsjettutgiftene, medan Japan kjem på ein andreplass med 10,83 prosent. Deretter følger Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Kina. India betaler derimot 0,66 prosent av budsjettet.

Berre 52 prosent av budsjettet er dekka

Men at dei ulike landa har forplikta seg til å betale ein viss prosentdel av budsjettet betyr ikkje at dei gjer det likevel. Det har lenge vore eit problem at enkelte land let vere å betale den summen dei skal, anten grunna betalingsvanskar eller av heilt andre årsaker.

Så langt i år skal berre 52 prosent av budsjettet vere dekka av medlemslanda sine bidrag. Samstundes veks behova for finansiering av ulike hjelpeprogram.

– Kvart år ber me givarane våre om stadig meir støtte. Men samstundes som behovet veks, så vert også ressursgapet større, sa Valerie Amos i dag.

I førre veke klarte FN til slutt å få inn den støtta dei trengde for å gi syriske flyktningar sine matkupongar. Dei siste sju dagane har det kome inn 572 millionar kroner til matprogrammet, 70 av desse millionane kom frå Noreg. FNs behov var opphavleg på 436 millionar kroner. No er FN på ny tryglarferd.

– At me fekk inn pengane til Syria betyr berre at me klarer oss i desember, men me har ikkje pengane som me treng til månadane som kjem, sa Amos.

SISTE NYTT

Siste nytt