Beijing avviser skuldinga på det sterkaste.
Dei tolv uavhengige ekspertane, som har FN-mandat, men som ikkje snakkar på vegner av verdsorganisasjonen, seier i ei fråsegn at dei er «ekstremt forskrekka» av det som kjem fram.
Dei meiner at internerte frå etniske og religiøse minoritetsgrupper ser ut til å bli tvinga til blodprøver og organundersøkingar, som ultralyd og røntgen, utan å ha gitt informert samtykke.
Database for organdonasjon
Prøveresultata blir så lagt inn i ein database for levande organdonorar, hevdar ekspertane.
Ekspertgruppa er samansett av spesialutsendingar for menneskehandel, tortur og religions- og trusfridom, samt frå FN si arbeidsgruppe mot vilkårlege arrestasjonar.
– Tvungen organdonasjon i Kina ser ut til å vere målretta mot spesifikke etniske, språklege eller religiøse minoritetar, som blir haldne fengsla, ofte utan å bli fortald årsaka til arrestasjonen, hevdar ekspertgruppa.
Kina nektar
Liu Yuyin, ein talsmann for den kinesiske utsendinga til Genève, fordømmer ekspertane, og seier dei spreier feilinformasjon. Dei har krenkt den kinesiske æra, som «sterkt motset seg og kategorisk avviser skuldingane», la han til.
Uigurar busett i Canada protesterte i februar føre den kinesiske ambassaden i Washington CD mot det dei meiner er folkemord på uigurar i Kina.
Foto: Leah Millis / ReutersEkspertane seier ikkje kva for folkegrupper dette dreier seg om i denne omgang, men i fleire år har liknande påstandar versert, og folk frå uigur-minoriteten og Falun Gong-tilhengjarar har vore trekte fram.
Kina har nekta for at dei haustar organ frå levande fangar, men har innrømt at dei har brukt organ frå avretta fangar, men at dette vart stoppa i 2015, ifølgje Reuters.
Ventetida på organdonasjon er kort i Kina. Det er og mogleg for utlendingar å kjøpe seg operasjonar på kinesiske sjukehus.
I samband med ein FN-konferanse om temaet i 2019 opplyste den kinesiske ambassaden i London at organdonasjon i Kina er frivillig og skjer utan at donoren får betalt.
LES OG: